Massive Attack til Oslo: G L E D E

Fantastiske «Teardrop».

Massive Attack skal til Oslo! Sentrum Scene 20. oktober. Det er eit halvt år til, men eg gler meg som ein unge. Det blir heilt sjukt bra å få med seg… Eg kunne ikkje tru det når eg såg dei stod på lista som Rockefeller sendte ut. Men, jau! Det stemmer. Åh, så bra det skal bli. Nok ein gong; glede i heimen!

Eg var vel kanskje 7 år første gong eg høyrde dei, då albumet «Protection» kom ut i 1994. Men det var først sju år etter på eg vart totalt hekta. «Karmacoma» gjekk på repeat på den vesle cd-spelaren min. Dette varte kanskje i ein periode på eit halvt år! Og i 2008, då Ina-Mari, Heidi og eg var ute på jordomsegling, vart eg bitt av basillen big time. Då var det albumet «Mezzanine» som stod for tur. Det gjekk ommatt og ommatt på iPoden min si speleliste, og då vi var komne til Fiji (tre veker ut i turen), hadde låta «Risingson» vorte spelt over 50 gonger. Og eit av mine koslegaste minner i New Zealand må vere då vi for heim i frå ei black sand beach på Raglan, tilbake til Hamilton i bilen til Karl, der vi tre jentene låg i baksetet og stirra opp på den fantastiske himmelen med stjernemylder og måneskin, med «Risingson» på full guffe.

Einaste pausen eg hadde med Massive Attack var då iPoden min krasja i Laos då eg hadde ein uheldig kombinasjon av minibankuttak, lynnedslag og ein mann med vatn opp til knea som ropte «solly, sOlly, liiightnin» til meg. Då døydde iPoden. Og ny fekk eg ikkje før vi var komne til Nha Trang i Vietnam, eit par veker og ein 50-timars lang busstur etter. Etter å ha kjøpt meg ny iPod sat eg i timesvis og bladde i hefter på ei «Pimp my iPod»-sjappe (slike burde absolutt vere å finne i Norge!!) – der eg til slutt fann tilbake til Massive Attack og «Mezzanine».

Og no skal karane hit… Hurrey!!!

Advertisements

2 responses to “Massive Attack til Oslo: G L E D E

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s