Fagre Stryn

I helga som var, var heile familien samla i Fagre Stryn. Det var tid for bryllaup!
Hans Magnus leigde stor bil, og vi fylte bilen opp med Hans Ulrik, Tormod, Åse Maria, Janet og meg. Det var strålande sol og kjærleik i lufta. Og oh my god kor den kjensla av «åh så vakkert her er» dukka opp etter å ha vakna utkvilt heime på garden! Som om å bli fødd på ny;)

Bryllaupet tok stad fredag 1. mai, ein ven dag for giftemål! Vi var i kyrkja i Hornindal, der mamma og pappa var forlovarar. Dei gjorde ein fram i frå jobb! (Det gjorde forøvrig brura og brudgommen også) Mat konsumert i Stova, og dans i skulehuset. Åse Maria og eg var så heldige å få ha på oss farmor sine gamle kjolar. Og Åse Maria og Tormod tok på seg hovudansvaret for danseunderhaldninga. Dei fekk det til å gå opp for meg for eit flott par dei er, eg kan ikkje tenke meg ein betre match. (Og det ser vi vel beviset på under her også? Hans Ulrik er ingen dårlig combo!)

Hans Ulrik som Shell-gut.

hansulrik

Utsikta frå heimen – inn mot Olden, der Jannik bur!

utsikt

Skofus. Do I need to say more?

skofus

Lykke på kyrkjetrappa.

brudetrappa

Åse Maria som dansar ein «sosialistisk dans» i kjolen til farmor.

aase

Eg i den vakre kjolen til farmor. Har aldri hatt på meg noko så stasleg før.

farmorkjole

Advertisements

5 responses to “Fagre Stryn

  1. koffer står der «ingen kommentgarar» under innlegga dine? er det g-en som har forsvunne frå «Birgit Nedreber»?

  2. Eg veit ikkje? Godt observert. Kanskje du berre bør kommentere alle som ikkje har fått nokon kommentar, slik at der kan stå ««1 kommentar» i staden for? 🙂 Heilt sikkert der den manglande g’en har enda opp. Hehe… 🙂

  3. Stryn är väldigt fagert. Men vägarna runtomkring är bedrövliga.
    Titta på videon så förstår ni:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s