I’m surfing the Mai-wave

bolgeAit. Då er det i gong. Mai. Vår, lekisa i mindre klede, sol, jobbings, semesteroppgåver, eksamen, morsomheiter med Øya-crewet, Melody Club-konsert, bondetaus-aktivitetar og kosings med Christopher og Stig sånt…  Ja, også flyttings. Og talet 22.  Mai er ein hektisk månad. 🙂 Eg har aldri hatt følelsen av å vere på ei så stor bølge før, og no surfa eg avgarde med håpet om å ikkje dette av, før siste eksamen er omme 4. juni. Då kan eg lande med hovudet først i Sofienbergsparken og kvile ut til juli!

Anyways (bortsett frå at dåkke bør ønskje meg lukke til med månaden, og ikkje minst, dei siste dagane som 21-åring. Jannike seier at det er når ein er 21 ein får lov til å seie/tenkje at ein er 19, men når det sklir over til 22, må ein innrømme at no er ein begynt å bli gamle) vil eg dele dagen min opp i tre:

  • Deligutten, eller Kalle Anka som Hans Magnus har namngjett han (og det er kanskje like greit sidan eg ikkje veit kva han heiter), var på jobb i dag. Han ekspiderte ei gammal dame så bra, at eg kom til å tenkje på korleis det ville vere å ha VM i ekspidering. (Fins det forresten?) Kom fram til at Deligutten antaklegvis kom til å vinne kun på grunn av sjarm, noko som ville vere urettferdig ovanfor dei andre – sjølv om han heilt sikkert har andre kvalitetar også (som ein ikkje ser fordi ein vert blenda av dei sjaaaaaaarmerande augene hans). Omg. For eit kliss.
  • Flørtaren. Kvar dag fryktar eg at denne kunden skal kome innom. For av og til gjer han nemlig det. Og slik foregår det: (F) – Halloooooo… (B) – Hei. (F)  – Hvordan går det? Lenge siden siiiiiiiiiist. (B) – Det går fint. Og med deg? (F) – Nå går det bra. (Smiler sleskt til meg og slepp ikkje augekontakta for alt i verda) (B) – Så fint då. Skal du ha noko? (F) – Får jeg deg? (B) – Nei. (…) (F)  – Ellers da? (B) – Ellers skjer det ingen ting. Er på jobb (og BER til høgare makter om at det snart vil kome nokon inn i butikken snart) og går på skule… Lite tid til andre ting akkurat no. (F) – Sånn som meg? (B) – Ja, sånn som deg. Skal du ha noko?! (F) – Ja, det er jo derfor jeg er her.  (B) – Kva vil du ha då? (F) – En blondine i blå genser. (B) – Ja, vel. Der jobba ei blond ei på Mix i Markveien. Du får gå dit. (F) – Også tjue lucky. (Eg gjer han Lucky Strike) (F) – Do you feel lucky? (B) – Det der er all luck’n du får her. Skal du ha kvitteringa? (F) – Nei. Vi sees, søta. (blink, blink). (B) (…prøvar å halde dei chillimarinerte olivena frå i dag tidleg igjen).  – Ha det.
  • Tiggaren. – Har du noen små kroner til overs? – Nei, men du kan få den posen med bollar her. Også enda vi opp med å sitte på VG-kassa utanfor Narvesen og prate over lenger tid. Han åt bollane og sa dei var gode. Og eg skjønte kor svolten han eigentleg var. Vi snakka om alt og ingen ting, veldig koseleg. Då vi sa adjø og god natt til kvarandre fekk eg verkeleg sjå inn i augene på nokon som var ærlege når dei sa dei ville ha småpengar til noko å ete, for denne mannen var svolten. Posen med bollane var konsumert på kun kort tid, og augene lyste av glede. Det «tusen takk’et» som eg fekk i kveld hadde verdien av alle dei «tusen takk’a» eg nokon gong har fått.

Også må eg beklage til alle som prøvar å kontakte meg på telefon. Ladaren var sendt i frå Stryn og skulle komt fram i dag, men det viste seg å vere feil ladar. Difor må eg be om tolmod og beklage min ikkje-tilgjengelighet. Eg skal gjere det godt igjen;)

P.S:

Dette er favorittsokkane mine. Seriøst. Eg blir SÅ glad av å gå med dei. Når eg ser ned på skoa mine, kikar dei opp for å minne meg om kor godt det er å smile. Can it get better for your feet? Ja. Dei har antiskli! Hoi, hoi!

Bilde 233

Advertisements

3 responses to “I’m surfing the Mai-wave

  1. Yo!
    Christopher og eg skal finne oss eit kryp-inn. Også må vi flytte ut før juni (for å sleppe å betale den husleiga, då vi ikkje får stipend) og bu hos Stig fram til vi finne oss noke passande. Hehe. Blir nice! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s