Kondomar, romantikk og digital kunst

lovecanada

Fyr: Jeg skal ha noen kondomer. (Ser flau ut og har stått lenge og glodd på kondomane fram til eg kom bort og spurde om han trengde hjelp)

Meg: Ja, kva sort vil du ha? Näcken, Easy eller profil? Näcken er den sorten det går mest av.

Fyr: (Fyren mjuknar litt opp og smiler breidt til meg) Hvilken er det største du har?

Meg: Vi får stase på Näcken. Trur den er på 18,5.

Fyr: Ja, det kommer vel an på du. (Hahahaha, blinke med eine auget)

Meg: …

Også var det den legendariske deligutten då. Snafs. Var innom Deli i går for å leige ein hai-film etter jobb. Deligutten, som no heiter Simon, var ikkje på jobb, så eg tok meg god tid inne i butikken utan å vere småstressa. Men då eg stod i køen for å betale kom han inn. Han hadde fri, og det var jo deilig ein laurdag kveld som det var. Han gjekk baklengs ut av butikken og håpa at filmen fall i smak. Eg sa at den burde falle i smak, då den varte i heile 2 timar og 38 minutt. Også lo han. Og gjekk rett bak i ein stor mann. Og eg lo, og rødma då eg innsåg at eg stod der, inne i butikken, og såg føre meg denne situasjonen plassert i ein britisk(helst) eller amerikansk romantisk komedie, der vi begge to forelska oss i kvarandre, og levde lukkeleg i alle våre dager. Ikkje kom her og fortell meg at eg snart bikka 22! Eg er 13 år igjen!

No er det siste dagen med arbeid «Digital Kunst». Det er faktisk litt interessant. Har lært litt. Og innsett at kunstnarar er umulige å intervjue. I alle fall fotografar med ord som svevar frå ein udefinerbar A til ein udefinerbar Å i ei og same setning. Anyways. Under prosjektet kom eg over eit bilete som eg syntest var veldig, veldig fint og søtt på same tid. Take a look!

drug-free-zone-david-fuhrer

No skal eg berre hoppe i dusjen og få av meg pølselukta før eg skal fullføre prosjektet og deretter sjå film i lag med Christopher. Ha ein fantastisk søndag, kjære lesarar! 🙂

Advertisements

11 responses to “Kondomar, romantikk og digital kunst

  1. Hehe… Eg veit ikkje om eg tør. Har ein vag anelse om at han er opptatt. Og det stemmer jo i forhold til teorien; Alle bra menn er enten opptatt eller homofile. :/ Men skal sjå om eg ikkje får manna meg opp til slutt! 🙂

    • Hehe, ja, om ein legg for masse i det kan ein fort innbille seg det. Hehe. Eller så har du rett… Waah:o

    • Stig foreslo det samme, og Danielle i klassen syns det var det mest romantiske på lenge. Eg lure på om eg kanskje er einig – men då legge eg alle korta på bordet på ein og same tid. Scary shit, gitt.

  2. Er eg opptatt?Er eg homofil!? Eller er eg rett og slett berre ikkje «bra»?

    Er Stig opptatt?Er Stig homofil!? Eller er Stig rett og slett berre ikkje «bra»?

    Er Stein Inge opptatt?Er Stein Inge homofil!? Eller er Stein Inge rett og slett berre ikkje «bra»?

    Er Jon Kåre opptatt?Er JK homofil!? Eller er JK rett og slett berre ikkje «bra»?(Han er kanskje ikkje så bra)

    ..tar du poenget?

    Takk for den. Greit det. Skal hugse det til neste gong.

    • Christopher, ditta er for dumt. Vi har rekna på scalaen før. Korleis kan ein 8’ar passe i hop med 4 tiara? (Jon Kåre er så bra) Dåkke er jo out of my league alle i hop!

      Sa du ditta kun for å få positiv merksemd rundt ditt vesen? «Åh, Christopher er så deilig, så kjekk og smart, kunne ønske eg kunne finne meg nokon like perfekt som han»-liksom? Rub it in då, 10!

      – 8.

  3. HVEM kjøper kondomer på Narvesen?? jeg mener, da må det ha vært hastverk! Man kan vel ta seg tiden til å stikke innom apoteket hvor miljøet ligger litt mer tilrette for slike pinlige situasjoner? donno men det er min mening;P

  4. Hehehe… Det er det mange som gjer ein fredags kveld:) Ikkje alle som planlegge å få med seg nokon heim, men vips så scora dei! Merkelig ditta. Hehe:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s