Lovechock

veke

Denne veka har vore travel – og gått i eitt. Og eg har kosa meg max, og kosar meg endå meir med tanken om at mesteparten av kosen enno ikkje er unnagjort! Mandag var semesteroppgåva ferdig, og Dani og eg var endeleg ferdig med presentasjonen. Jobbings har vore stikkord nummer ein for veka, men i dag har eg fri! Så denne dagen har eg brukt flittig; Trena, ete frukost, handla, gjort litt research om Melody Club – for, hurra, hurra, heldiggrisen B har fått lov til å intervjue dei! Og eg gler meg som eit barn. Palace Station (frå Music Machine) har jo gått i eitt i øyrene mine sidan eg såg Smala Susie for første gong. Og i kveld skal dei spele på Rockefeller. 🙂 Så i kveld blir det tradisjonelt vorspiel heime hos oss, som går ut på The Office, øl/pærecider (ja, still going strong) og oppvarmingsmusikk til konserten. Eg gler meg.

Ellers må eg meddele litt nytt når det gjelde deligutten. I dag tok eg meg i skinnet og tenkte «what’s the fuzz, B!? Han kan jo umogleg vere så fin som eg trur han er?» Så dermed gjekk eg inn på Deli DeLuca (etter å ha blitt fangat i ein stormvind på veg heim frå trening: regn, vind og kalde gufs!) for å kjøpe meg ein kopp varm kakao – og ta ein ekstra grundig titt på han. For no må eg roe litt ned – og slutte å gnelle om kor fin eg syns han er, for han kan umogleg vere bra. Men eg må innrømme at det ikkje hjalp å vere superkritisk når eg studerte han. For han har dei sjukaste augene som du drukna i (i alle fall om du ikkje kan svømme) – så eg måtte innsjå at ok, that’s the fuzz.

I morgon er det tidleg opp på jobb, og deretter møte med Øya, så er det fest etterpå! Laurdag same oppskrift, søndag (17. mai – hurra, hurra) er det omvendt oppskrift på dagen. Dette blir ei kjempehelg! Og over helga er det (vips) tid for å reise til Stryn og leve bondelivets glade dager heilt til søndag i lag med Christopher (og kanskje Stig, vi kryssar fingrane for at han blir med). Stas!


Advertisements

8 responses to “Lovechock

  1. ohhh:)
    eg oppfordrar herved alle til å henge opp ein slik lapp som «gutten fra kiellandsplass» viser til 🙂

  2. «Gutten fra kiellands plass»: Då bør det vere ein lapp som ikkje slår feil;)

    Henriette: Kanskje eg skal spør om eg får ta eit bilde av han, for å spre litt glede på bloggen min – hehe… 🙂 Det var ikkje dumt!

    Jannik: Ikkje oppfordre ALLE då! ;p

  3. Eg stemmer og for lapp med adersse til blogg på. Eg har prøvd det før på ein avstandsforelskelsesgut. Det funka. Han blei max sjarmert. Synd at det ikkje varte så lenge 😉 Kan vere du har meir flaks??

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s