Mai er vi gla» i

17.mai2

Mai har gått så fort at eg trur det er 4. mai enno. 17. mai er over, dagen som Christopher har sagt «tenk, no er det ikkje lenge til 17. mai!» utellbare mange gonger, og eg har tenkt «jaja, det er no ei stund til enno».  17. mai kom, og var ferdig på eit sekund. Hard morgon, vinke til kongen, junk, kosings, fantastisk lunch med champagne og jordbær, chillings, jobb og sleepover hos Tiril. Tusen takk til alle som har bidratt til den beste 17.mai’en eg nokon gong har hatt.

I morgon er det tid for å reise til Stryn, og vi er så heldige å få sitte på med Limita og Thomas på veg opp. Det vert stas! Skal bli godt å få vere fjellgeit, kanskje teste ut sommarskien om den opnar, eller klatre på beachen? Skal leve livet i lag med Christopher og andre gode folk mellom fjell og fjord i fleire dagar. Can’t wait!

I dag gav eg forresten Deligutten lappen med adressa til bloggen på, så no har alle dåkke fått viljen dåkka;) Det smilet eg fekk når han hadde lest den var priceless. Vakre guten. Men no trur han sikkert eg er ein psyko stalker utan like, hehe. Det får berre vere, det forandra ikkje det faktum kor sjarmerande han er!

No må eg hoppe i loppekassa – tidleg opp på forelesning i morgon, og deretter blir det jo roadtrip til Stryn. Hoi, hoi!!

Advertisements

3 responses to “Mai er vi gla» i

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s