ODE to Jan Henning

spinnings

Det er annan kvar torsdag – Jan Henning-torsdag. Lisa Mari er på plass, og Trine har sin jomfrutur med Jan Henning spinning.  Opp klokka 06, puls på 95 fire gonger før 07:30. Det er max guff,og Jan Henning pusha på som «aldri før». Eg lar meg nok ein gong overraske over kor sadistisk eg er som smiler meg gjennom ein times økt med eit helvetes kjør. Det er knall musikk og beina går av seg sjølv, sjølv om pusten heng langt etter. Av og til får ein kjensla av å dø, og bilete frå barndomen dukkar opp, men så ropar Jan Henning, at no er det berre ti sekund igjen av denne låta – så det er berre å gje alt! Musikken får deg til å gi 100% på kvar einaste låt, med ei god blanding av gamle slagarar og musikk som får deg til å trø for harde livet. Og når du er så sliten at du ikkje har trua på at det fins meir å gi frå skrotten, så køyrer Jan Henning i gong med Arctic Monkeys – I bet that you look good on the dancefloor, og plutselig ein meir enn nokon ville trudd var mogleg.

Då vi var ferdige, og alle hadde fått samla pusten i ei roleg uttøying, var Trine sitt einaste ord: Fantastisk. Og det var det det var. Fantastisk. Ho hadde tydelegvis skjønt kvifor vi snakka så varmt om Jan Henning sine timar, dei er rett og slett fantastiske. Til vår store skuffelse kunne han meddele at dette var siste torsdagsspinningen, og vi sjåast igjen i august. Herregud. August er jammen lenge til! Vi får krysse fingrane for at han kjem innom før det. Oxigeno vert ikkje det same utan han. Det gjenstår vel egentlig berre å seie; God sommar til Jan Henning! Vi kjem til å sakne han! Og ikkje minst, så angrar vi på dei torsdagane vi har gått glipp av når han har stått for trøkket… Om eg skal ha eit mål for hausten, så vert det: Ikkje gå glipp av Jan Henning-spinnings ever again (med vesentlege unntak åff kårs – død, utanlands/by-reise, spysjuka og svartedauden).

birgit

trinelisamari

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s