Sverige – rota til alt godt?

Bilde 1

Haha, ja, du tenker vel det er deligutten det er snakk om no, men det er det ikkje. Sjølv om det like godt kunne vore det (han blir jo finare og finare for kvar dag som går). Men no er det snakk om andre herligheter Sverige har bidratt med. Svenskane har fått meg til å le så mykje at eg grine på same tid, opptil fleire gonger! «Smala Sussie» for eksempel, ein fantastisk film som eg meiner bør stå på topp 10-lista av filmar ein bør sjå før ein dør. Den er så sjukt morsom! «Kopps» også. Og «Jalla Jalla!». Og «Gamle menn i nye biler». Og «Ridskolan». Haha.

Også har vi jo Bob Hund, som no inspirerte meg til å skrive dette innlegget etter å ha høyrt «Tinnitus i hjärtat» om igjen og om igjen og om igjen… Og apropos om igjen og om igjen og om igjen, så er Joakim och Joel svenske – og «Mer av dej» er den låta eg har høyrt mest på i løp av forigge månad. Og musikkvidoen er knallmorsom! Og Melody Club – som får deg til å ville danse natta lang. Og The Hives. Mando Diao. Og søndagsmusikken, Bo Kaspers. The Hellacopters, Soundtrack of our lives. Robyn som laga superknas musikk i lag med Røyksopp. José Gonzales. Johnossi. The Knife.

Tuva Novotny.

Håkki.H&M.GinaTrikot.

Og Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Ronja Røverdatter, Madicken og Lotta i Bråkmakargatan. Astrid Lindgren generelt.

Og i Sverige ligg vakre Dalarna. Der Siljan er, og Anna – den vakraste svenske jenta eg veit om, er født.


Treng eg å nevne IKEA? Runde knekkebrød? Falukorv? Smørgåstårta? Polarbrød…

Ja, og deligutten då.

Thank you, Sweden.


Advertisements

16 responses to “Sverige – rota til alt godt?

  1. Gamle mænd i nye biler er dansk 😉
    Kanskje du skal lage ein ode til Danmark også?
    Tuborg, Carlsberg, Roskilde..stoppar vel kanskje der?Æsj

  2. Prippen nabo: Ken er du liksom?
    Og du har nok rett. Eg var vel litt for hardt i siget der gitt. Oppfølgar for Danmark kjem. Dei har nok meir å by på enn Tuborg, Carlsberg og Roskilde! 😀

    • Kva er det? Syns å huske å ha smakt noko som heiter «långfil» eller noko sånt, som smakte sjukt ekkelt. Kan det vere noko a» la det?

      • Det er fermentert fisk på boks. Jeg har hørt rykter om at du må være 18 år for å få kjøpt det fordi unger har brukt det som stinkbomber. Surströmming bokser bør åpnes utendørs 😉

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s