Manic Friday

Torsdag var ein storarta dag. Det var (som tidlegare nemnt) siste dag på skulen, og eksamensfeiring + supriseparty for Christine i klassen. Sjølv om eg makta å kome ein time for seint, så kom eg jammen før bursdagsbarnet. Og hoi hoi, så kjekt det var! Ho vart kjempeoverraska og ikkje minst glad. Eit vellukka surpriseparty med andre ord. Torsdagen vart til fredag før Jon Blund kom ut på føremiddagen, og eg måtte tre i Narvesen-kostymet rundt halv åtte. Ingen lur idé å ikkje sove nok, for det kom igjen i karma. Ein fyr kalla meg «you bitch» etter å ha sagt «gimme the fucking cigarette, gimme a fucking sausage, not a fucking pizza you…blablabla», i overdreven lang tid. Suregris? Eg? Ja. Og det var masse å gjere på jobb, noko som forøvrig er ganske kjekt – men i dag kom det sjølvsagt ein idiot av ein drittfyr innom og naska i butikken, og eg måtte legge på sprang med pølseklypa i eine handa og ein serviett i den andre. Takk skal du ha Oxigeno, eg tok han igjen – noko han IKKJE hadde trudd (ikkje eg heller for den saks skuld). Treninga har visst gitt utslag likevel! 🙂

No er eg trøytt og lei, og superklar for Jon Blund og ein dag i morgon med trening, jobb og Get Dancy! – først skal eg berre takke for i går med desse bileta:

jenten2

jentene

danibirgitI’m vanilla. And I love my chocolate.

Advertisements

4 responses to “Manic Friday

  1. Hahaha! Birgit på sprang med pølseklype er ingen spøk=) Du må legge ut den fantastiske filmen din da! Du vant jo!!! =)

  2. Hehe, nei, you better watch your back!

    Hmm… Får sjå om den får plass her! Hehe;) Var veldig koselig å vinne. Den kjem nok snart! :o)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s