SÅ SJUKT REDD

filmen

…har eg ALDRI blitt før av ein film. Vi skulle sjå The Orphanage , noko som skulle vere ein heilt vanleg skrekkfilm. På imdb.com fekk den 7.7 stjerner – av ti moglege, nice til å vere skrekkfilm, hæ? Og jaggu sa eg smør! Den var så sjukt skummel!

Denne spanske perla handla om ei dame som vaks opp på ein barneheim, som ho seinare flytta tilbake til saman med mannen sin, og sonen sin Simon for å starte ein ny barneheim. Simon forsvinne ein dag, og historia går ut på leitinga etter han – og måten han vert funnen på. Eg hugsar å ha lest ein stad at då filmen hadde premiere 20. mai 2007 på Cannes Film Festival, og når den var ferdig, så reiste publikum seg og applauderte i ti minutt! Og det skal eg berre seie, å kunne stå i ro og applaudere i ti minutt etter denne filmen er bra jobba. Eg var som eit slakt. Måtte bruke lang tid på å få igjen pusten, eg holdt den i over ein og ein halv time! Var svimmel og kroppen skreik etter oksygen! Skjelven og ekkel.

Ein gong kvopp eg så sjukt at eg fekk fysisk vondt i alle dei ti fingertuppane mine.

Så, folkens. Om du har lyst på gåsehud så det helde, angst, oksygenmangel, skjelvingar, frykt, så er dette filmen du bør sjå. Gode skodespelarar, bra historie (som ikkje blir fylt med dritt for å auke spenninga, men lar fantasien din jobbe som ein helt for å skremme livet av deg), fine bilder, levande lydeffekter på spasnk. Trur neppe eg tørr å sjå den igjen!

Tenk at det går an å få ein puls på 98 av redsel, på grunnlag av noko som skjer inne i ein tv-skjerm!

Konklusjon:

På skrekkfilmskalaen får den 6 av 6.


9 responses to “SÅ SJUKT REDD

  1. Ja! det er en skikkelig bra film, og den aldri så lille twisten på slutten gjør noe med hele filmen:) helt enig med deg birgus!! 🙂

  2. Cecilie: Ja, den twisten er både uventa og overraskande. Og eg kjøpe historia glatt! 😀

    Tiril: Ja, eg hadde sikkert angra på å insistere på at du skulle bli med å sjå, om du hadde dukka opp. Det var ganske tortur å sjå den.

  3. Har aldri forstått eller hatt sansen for skrekkfilmar eller actionfilmar.
    Etter mi meining er det sløsing med tid og pengar å lage slikt.
    Livet er nifst nok som det er og her er meir enn nok problem blant vanlege folk for dei som diggar slikt.
    Prøv heller å engasjer dykk i noko slikt ut i verda
    (sorry Birgit, men er måtte berre seie det)

    • Alle er forskjellege, og smaken er som baken. Det er spenninga og adrenalinet som helde meg til skrekkfilmen – «Livet er nifst nok som det er og her er meir enn nok problem blant vanlege folk for dei som diggar slikt.» Det er vel ikkje problem som triggar ein… Men om det er det du meiner, så veit du nok at engasjementet ligg ute i verda der også.

Legg att svar til shoops Avbryt svar