Same for meg – nok eit innslag i humorverda

Denne stripa (kallar ein det når det berre er éit bilete?) såg eg i VG laurdag, eller søndag. Eg lo masse og måtte vise den til Stig med ein gong han kom innom jobb. Om eg syntest den var morsom fordi eg var overtrøytt veit eg ikkje, men eg ler av den enno. Hahahaha. sameformeg

Og ein ting til; Når det kjem til Hans Ulrik er det heilt sjukt kor eg kjenner på kroppen kor glad eg er i han. Eg er så glad i han at det knyter seg i magen. Sånn deilig-vondt. Kroppen min skrik at eg elskar han når han kjem springande mot meg for å klemme seg godt inn mot magen, og av og til mistenkjer eg han for å gjere akkurat det – fordi kroppen min skrik så høgt at han kan høyre det gjennom magen min. Eg lurer på korleis det må vere for ein krabat som han å vite at nokon er så glad i han at det gjer vondt? I grunn er det ganske greit at han ikkje er klar over kva det betyr, for då ville nok pipa hans fått ein annan lyd – og tante-Birgit ville blitt eit offer for alle moglege slags utnyttingar;) Eg gler meg til neste gong vi sjåast att og kan danse rundt til «Se der danser bestefar», eller rett og slett ta ei utblåsning på rockefoten, også skal eg klemme han skikkelig, skikkelig hardt!

hansulrikkos

Advertisements

5 responses to “Same for meg – nok eit innslag i humorverda

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s