Into my arms

nickcaveandthebadseeds

I dag har eg hatt kampanje på jobb, for alle dei som har kjøpt festivalbillett. Kampanjen min har gått ut på følgjande: «Åh, skal du dit! Då du få med deg Nick Cave And The Bad Seeds! – Det er mitt einaste tips. Ta meg på mitt ord, du vil ikkje gå glipp av det«.  Og eg meiner det.  Nick Cave And The Bad Seeds fortrylla meg på Norwegian Wood. Har høyrt litt på dei, men ikkje såpass at eg hadde store forventningar til konserten. Christopher fortalte meg at Nick Cave var rå på scena, at han hadde attitude og greier – men eg kunne aldri forestilt meg kor tøff han kunne vere.

Eg enda opp med å få eit hardt slag i magen på Wood. Hadde ALDRI forestilt meg at mennene på scena, fyren med fela, den passive perkusjonisten, den rosa trommisen og Nick Cave skulle imponere meg slik som dei gjorde. Fleire gonger måtte eg ta tak i haka og skubbe den på plass, smile-Birgit vart til måpe-Birgit. Passive-Birgit vart til fascinert-Birgit. Tilfeldig publikumar-Birgit vart til blodfan-Birgit. Og eg var ikkje aleine. Alle rundt meg lyste som det skulle vore julafta og nyttår på same tid. «Hadde eg berre visst kor feit den konserten var, så hadde eg jammen gleda meg til den kvar einaste dag. Så no skal eg ikkje bli snytt for glede-seg-til-Nick Cave And The Bad Seed- igjen! Eg skal begynne meg å glede meg til neste gong akkurat no.» Så no har eg gleda meg hundre prosent sidan forrige fredag. Og eg skal fortsette. I dag er det berre to veker til vi sit på flyet til Brussel, for så å nyte livet på Rock Werchter – og ikkje minst, nyte Nick Cave And The Bad Seeds Igjen. Vi snakkar «Into My Arms», «Lazarus, dig your self», «The Weeping Song», «There she goes,my beautiful world», «Deanna», «Red Right Hand» og den låta som eg ikkje kan tittelen på, der han synge «And I was listening to the DJ’eyh»… Hehe. KNALL LÅT (Moonland?)!

For å ta ein Facebook; «Birgit likar dette».

Advertisements

5 responses to “Into my arms

  1. Må være noe med de fra Australia!!! HIHIHI!!! 🙂 Neida – men Nick Cave and his gang er fantastiske!!

  2. Cecilie: Du har heilt rett! Det må vere noko med dei Down Under.

    Arinbjørn: Var du der? BRA.

    Landrine: Ja, gle deg MASSE!!

    Johnivar: Henry Lee i alle fall, men utn PJ Harvey vel å merke;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s