Summer Rain

Om eg har ingen ting på dagsorden, elskar eg regnet.lisa

Det gjev meg lov til å vere inne. Det gjev meg lov til å gjere ingen ting utan å føle at eg burde gjere noko anna. Eg kan lese boka eg aldri før har rukke å starta på. Det er lov å pakke kroppen inn i eit ullteppe. Eg kan sitte timesvis og sjå på dråpane treffe asfalten som om dei har lengta etter kvarandre for alltid. Fire koppar te. Det er litt mørkare enn før. Stearinlys. Leonard Cohen, Love, Beatles, Mercury Rev, Big Bang, Thomas Dybdahl, The Coral, The Presets, all musikk passar til regnet. Ein har lov til å vere dyster. Ein har lov til å vere glad. Regnet friskar opp. Blanke ark og fargestiftar til. lisamari

Ute hastar folk frå a til b med ein paraply som sjeldan føler seg til nytte. Støvlane er på. Jakka er gjennomvåt, men det gjer ingen ting. Etterpå er det mjuke, varme, store klede som ventar. Med støvlar fins det ingen hinder. Kjekt å gå i sølepytten. Helst når den sprutar. Kjekkare er det når bysykkelen lagar store bølgjer – om ein syklar ekstra fort over den, i alle fall når ein ikkje er klar over at sølepytten var så djup. Bilane skvettar sølevatn på menneske som godt mogleg har dårleg karma. Støvlane smiler når dei vert vaska av vatnet som fossar ut av takrenna. Det er berre ein dag som denne ein får det smilet av folk som hastar forbi – smilet som fortel at dei innser at jenta i støvlane, i den søkkvåte jakka og mascaraen nedover nasa dansar lukkeleg i regnskuret.

Lyden av regnet mot blikktak er noko av det koslegaste i verda. I kombinasjon med tanken på å ikkje måtte gjere nokon ting. Ingen ting anna kan få meg til å slappe heilt av, som akkurat det.

lisamari2

Bileta tok eg av Lisa Mari i går, rett før regnskuren slo i.

Advertisements

3 responses to “Summer Rain

  1. Eg har iallefall aldri lest so mykje fint om regn på ein gong. Men det skal seiast at du har heilt rett. Men no skin sola, og Fagre Stryn er fagrare enn aldri før. Ha ein fin dag! 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s