???? og nytt kjøleskap

Beklagar treig blogging denne perioden, men dagane mine har sett slik ut i det siste:

IMG_3697 copy Men det eg no skal fortelje om hende på jobb: Isabella skal skille seg. Japp, ho dama på veiret. Det står på «Se og Hør» si framside, eit irriterande blad som er årsaka til mangel på augekontakt i kiosken mellom meg og kundane. Også ei årsak til latterkrampe på dagens skift.

Ein far står i kassa og skal betale ein is kvar til kvar av dei tre døtrene sine. Så oppdagar han «Se og Hør», og legg merke til saka om Isabella der det står følgande; «Vær-Isabella skal skille seg» (eller noko i den dur). Deretter kjem denne kommentaren: «Oi, Vær-Isabella, det var jammen et spesielt navn! Det er rart hva folk heter nå om dagen.»

HAHAHAHAHAHAHAHAHAHAHA

No har vi vore opptekne med innflytting i den nye leiligheta – noko som har teke på, då vi no bur i 5. etage og har mange ting å bere opp trappene. Under flyttinga møtte vi Mads Ousland, ein kjekkas av ein skodespelar. Han var snill og ønskte oss velkomne til blokka, som han no var på veg til å flytte ut av. Han skulle selge leiligheta si (som var grådig lekker, ja tusen takk! Om dåkke spandera!), og vi fekk kome inn for å sjå korleis der såg ut. Då vi stod der og banna og steikte i positiv forstand over kor fint der var, såg han på oss og spurde om vi ville ha kjøleskapet hans.  Vi snudde oss og såg mot eit splitter nytt og reint kjøleskap, og sa «ja takk» på flekken. Vips hadde vi nøklane hans i handa og nytt kjøleskåp. Herleg fyr!!

Eit par timar etterpå la eg ut denne annonsa på finn.no:

Bilde 3

Og eg berre seier det… Eg har aldri vore så poppis i heile mitt liv!! På 5 minutt hadde eg over 7 anrop, 15 tekstmeldingar, mails og kva det no måtte vere. Annonsa måtte slettast før eg rakk å få mail frå finn.no om bekrefting av at eg hadde lagt den ut. For ein pågang! Alle ville ha det gamle kjøleskapet vårt! Heia gjenbruk!  🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s