Rock Werchter, Baby!

IMG_3732 copy kopi

Rock Werchter var årets store musikkfestival. Staden var Werchter, ein liten landsby utanfor Brussel. Det var varmt og godt, og musikken var så bra at eg grein opptil fleire gonger av glede. Reisefølget var hysterisk i positiv forstand. Eg logra med halen så mykje som mogleg, og smilemusklane hadde det som om dei skulle delta i VM i smiling.

IMG_3691 copy kopi

Jon Kåre i passande posisjon.

Første dagen starta med «Lilly Allen», «Fleet Foxes», «Placebo», «Oasis» og «Prodigy». Fantastisk start spør du meg, og eg levde i trua om at det ikkje var mogleg å få det betre/halde nivået ved like. Men der tok eg feil. Fredagen sette «Just Jack» stemninga for resten av dagen og utan å overdrive gav dei «stars in their eyes» til alle og einkvar.  «Elbow», «Bloc Party», «The Killers» og «Coldplay» var det neste på menyen inni mellom all knuslen og lusken, maten og ølet. På «Bloc Party» stod vi nesten heilt framme, og stemninga var toppers. «The Killers» «løfta taket», slik som dei er kjende for å gjere, og «Coldplay» sikra nok ein tårevåt augekrok. Amazing. IMG_3806 copy kopi

Hanne, Hildur, Mari, meg, Heidi og Jannike på The Killers.


Laurdagen var nok ein av dei dagane eg hadde sett mest fram til då dette var dagen «Nick Cave and the Bad Seeds» skulle spele, og eg hadde gløymt alle dei andre som stod på programmet denne dagen. Til mi store glede vart eg informert om dette tidleg på dagen, og følgjande fekk eg gleda av å sjå; «Yeah Yeah Yeahs» (Heads will roll!!!), «Franz Ferdinand», «Kings of Leon» og «2Many Djs» i tillegg til «Nick Cave». Når det kom til Cave skuffa han stort. Vi stod lengst framme og var klare som egg for ei oppleving utan like, men når det viste seg at mannen gav F om han var der eller ei, og musikken vart too laud to bear, så trakk vi oss tilbake til resten av crewet før «Kings of Leon».

Det skal seiast at «Franz Ferdinand» leverte sakene sine som om det skulle vore julafta, og frå og med denne konserten var eg stemmelaus resten av festivalen. «Kings of Leon» var meget skuffande/dårleg, men dei største låtane deira tok såpass av at det vart ei god oppleving det også.  «2Many Djs» toppa heile driten! Vi visste ikkje kva vi venta på når vi venta på at dei skulle på scena, men det viste seg å bli tidenes rave. Eg kjem nok aldri til å vere på dansefoten så intenst og så lenge, nokon gong igjen.

profil

Heidi, meg og Christopher i knusleposisjon i solsteiken.

Søndagen kom regnet vi til slutt hadde gleda oss til etter sveitte dagar i 39 grader celcius.  Det var snydens at det regna, og støvlane kjendes bra å få på seg ut på dagen. Det vart ikkje Roskilde-gjørme, men heller ei «kort» byge som friska opp området. Trass at iPoden min døydde denne dagen var dagen likevel eit musikalskt høgdepunkt. «Seasick Steve» sjarmerte med fortellingar utan samanlikning. «Black Eyed Peas» laga liv trass dårlege prestasjonar/musikk. «Kaiser Chiefs» var fantastiske og gav alt. Endeleg ein rockeartist i trange bukser, converse og grå t-skjorte som gav meir til publikummet enn nokon andre artistar. Rett og slett fantastiske var dei.

Ikkje dårlegare var «Røyksopp». Det var «min første gang» og eg gleda meg som ein unge til å sjå dei. Spesielt ettersom det nye albumet deira var så bra som det var. Konserten var fantastisk. Den var så bra at eg nesten ikkje burde nevne kor flaut det er å vere norsk når det fins andre nordmenn i publikum som uhemma syng «heia Norge» før- og under konserten, og det heile blir så pinlig at Røyksopp må overdøyve charterfeber-folka som har landa i feil omgjevnadar. Men drit i det. Det tok av og samtlege var sveitte og i ekstase når det heile var over, og vi gjekk samla bort til hovudscena for å få med oss siste konserten; Metallica – som eg berre har èin ting å seie om: hadde det ikkje vore for dansinga til Arne Kåre, så hadde eg gått i frå konserten på flekken. Kjedeligare konsert skal ein leite lenge etter. Men likevel lo eg frå start til slutt; Takk, Arne Kåre! IMG_3942 copy kopi

Folk søkte ly, andre pakka seg inn i ponchoar.

IMG_3947 copy kopi

Christopher og Jon Kåre fekk ekstra god plass på graset når det regna, no kunne dei nyte livet i fred og ikkje vere bekymra for å bli trakka på.

IMG_3948 copy kopi

Christopher, meg og Jon Kåre i godt humør i regnet. Herlich!


IMG_3969 copy kopi

«Poor Leno»


IMG_4042 copy kopi

Slik såg campen ut i dei seine nattetimar.


IMG_4057 copy kopi

Christopher pakka ned teltet sitt. Slik såg det ut etter dei fleste hadde forlatt området. Vi var glade for at vi ikkje var frivillige og måtte rydde opp etter alle andre, og tok livet med ro før vi tok turen mot Brussel igjen.


Det skal seiast at sjølve opplegget på Rock Werchter ikkje var all verden. Dårleg system, lite informasjon, småkaos og ting som kunne vore gjort på ein heilt annan måte trakk festivalen litt ned. Men opplevinga får likevel karakter 9/10. Hadde eg hatt med sovepose ville det kanskje vore nermare ein 10’ar. 😉

IMG_3833 copy kopi

«Bitch» var forøvrig det einaste ordet som stod på engelsk i programheftet.


5851_210038255359_883740359_7575986_4121671_n

Top notch, Rock Werchter! Det var nok ei oppleving for livet som eg aldri kjem til å gløyme. Eg ler høgt når eg tenkjer tilbake på ulike episodar, og smiler som om eg skulle vore forelska når eg mimrar meg gjennom bileter. Dei musikalske opplevingane var heilt sjukt bra, og no når eg i ettertid høyrer på diverse musikk som vi fekk høyre på Rock Werchter er det så villt at eg får gåsehud og ståpels, hjertbank og eit stort smil om munnen på same tid. Eg forelska meg i opplevinga. Rett og slett. Thank you, Rock Werchter! Thank you, Alexander, Arne Kåre, Christopher, Frank Rune, Hanne, Heidi, Hildur, Jannike, Jon Kåre, Mari, Lasse, Lisa Mari, Trine og Stine!

Advertisements

5 responses to “Rock Werchter, Baby!

  1. korleis syns du kings of leon skuffa?
    eg lika at du har alfabetisert takkelista di, men eg trur du har gløymt nåken. t.d Arne Kåre.. 🙂

    • Det var sikkert fordi eg takka han lenger oppe i innlegget. Men no er det ordna på. Hadde eg gløymt nokon fleire?? :/

      Når det kjem til Kings of Leon så hadde eg forventa mykje meir energi av dei. Dei var skikkelig passive og kunne gjort det masse masse bedre… Men det var jo konge på dei «store» låtane, så;)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s