Madonna og ymse

madonna

Madonna-konserten var på torsdag. Den kan de lese om her. Eg måtte faktisk bruke tid på å roe meg ned for å skrive omtala, og likevel var den ganske aggresiv. Ja, eg lar meg lett provosere. (Men så lar eg meg lett glede også!)

Leiligheta: Den tek form! I dag kjøpte vi oss sofa og bord frå 60-talet, noko som gjorde stova til litt av ein heim! Endeleg har vi fått oss ein heim! Det er så herlig. Og i går kjøpte eg ei hylle som skal vere på badet som eg har blitt veldig, veldig glad i. No gjeld det berre å finne ein sofa til i same stilen til stova, og eit lite bord til kjøkenet. Også manglar eg berre seng og skrivebord, så er alt i boks! Når alt er ferdig skal de få sjå korleis her ser ut. Eg syns det er veeeeldig fint. (Velkomne på besøk, forresten!)

Jobb: I dag fekk eg eit svar som gjorde meg paff då eg spurde om kunden ville ha kvittering.

Eg: Vil de ha kvitteringa?

Han: Nei, kona mi døde nettopp, så jeg trenger den ikke nå.

Eg: (……)

Kva seier ein til slikt?! Kan ikkje kundane berre seie «ja takk» eller «nei takk», så slepp dei å få ein ekspiditør som ser ut som ein måpefisk!? Eg er fan av «j, takk og nei takk»

No høyrer eg på Tommy Tokyo og søkjer stipend og lån, også er det straks senga før det er tidleg opp og tilbake til Narvesen. God natt alle i hop!

Advertisements

4 responses to “Madonna og ymse

  1. den der kommentaren har faktisk eg òg fått! Jeeeebus, ka skal ein svare?! ..og ka har det med saken å gjere?! haha, kundar – strikes again 😉

    • Dei har det med å kunne gjere folk paffe gitt. Det er så mykje rart som kjem ut av dei, ting som absolutt ikkjer har noko å seie for noko av det vi spør om. Hehe.

  2. 90 talet du liksom, tenk at det er blitt «gamle dagar». Du var no fødd på 90 talet og det er ikkje lenge sidan. Korleis har du fått tak i alle desse artiklane?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s