Siste oppdatering!

aam

Tida flyg avgarde, og vi har enno ikkje fått oss internett i leiligheta. Det er som om livet plutseleg har slått meg i trynet med hektisk-slaget, og alt går i eitt og det berre er å halde seg fast i bølgja. Økonomien er laber, men snart kjem stipendet – og då vert det ordnings! Akkurat no har vi besøk av Iselin som har budd hos oss ei veke, og 31.august flyttar ho inn i sin nye heim i lag med Hagen og Bente. Skikkelig koselig å ha ho på sofaen!

So, what’s new…? Sykkelen min vart stjelt første skuledag. Det var rett og slett krise, og den er ikkje komen på plass enno. Please cross your fingers! Kameraet mitt er vekk?  The Pink Robots spelte på Betong på torsdag. Dei varma opp for Donkeyboy og gjorde ein framifrå jobb! Knas! Laurdag var det dags for Birdy Nam Nam, som eg ikkje hadde sett sidan Roskilde 2006, og denne gongen fekk dei meg også til å puste i ujamne takter. Herlig dj’s, herleg musikk, herleg publikum og god øl. Ellers har livet gått så det susar på Narvesen, og eg trivst godt på skulen. Interestiiing…

Dagens anbefaling? Christopher og eg var på kino med Helge og Ina i går, vi såg Inglourious Basterds, noko som vart den filmen som har engasjert meg mest det siste året. Hurra! Eg lo høgt og hjartleg jamt under heile filmen, og eg anbefala ALLE å sjå den!

Så, sidan mangel på internett er stor kan eg meddele kva som skjer dei neste dagane framover; Skule, trene, jobbe,  skule, jobbe, jobbe, trene, jobbe and then; Innflytningsfest! Velkomne skal de alle vera på laurdag! Søndag blir derimot ein avslapningsdag, før eg mandag morgon tek turen til Tjøme saman med klassen i filmproduksjon!  Ha det godt så lenge! 🙂

Advertisements

2 responses to “Siste oppdatering!

    • Halloisen!
      Høgskulen i Oslo, tek 2. og 3. året der på media og kommunikasjon i lag med May Britt og ein bunch kule folk! 😀

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s