Fuck YOU!

Sidan eg ikkje fekk anledning til å gjere det på jobb her om dagen, benyttar eg no sjansen til å vise finger. RIGHT AT YAH!  Og sidan eg endå er provosert over deg, så viser eg jammen begge to!

fucku

Ja, kven er du no, du fæle, frekke og uforskamma mann som får meg – ei såpass tolmodig jente (ja, og av og til lett provoserte) til å ville vise begge fingrane og lage ein geip i tillegg?

Det er du som skulle hente billettar vi ikkje fekk ut – fordi Oslo Spektrum ikkje lar kioskar printe dei ut. Og det er difor eg viser finger?

This is the story:

Mann kjem for å hente billettar til eit arrangement på Oslo Spektrum. Billettane fins, og der er ledig plass – men eg får ikkje tilgang til å printe dei ut av Billettservice, då det fysisk ikkje går sidan det er Oslo Spektrum-billettar. Eg prøvar å forklare det til deg, og ber deg reservere billettane på nett, og deretter printe dei ut (for det går an å printe ut forhandsbestilte billettar). Du går heim og er snurt fordi eg ikkje er «interessert i å hjelpe».

Det går ti minutt. Du ringer fordi du ikkje får til å reservere billettane. Du finn ut prisen på billettane, og insisterer på at det skal gå. Eg prøvar å forklare at det ikkje er fysisk mogleg å få ut billettane. Men sidan der er ledige billettar i følgje nettet, er du tilbake i butikken kort tid etter, og insisterer på at du skal kjøpe billetten likevel. Eg tenkjer at du får køyre ditt eige løp, når du tydelegvis veit sjølv kva som fungerer – og du «kjøper billettane», men dei kjem ikkje ut – då eg får beskjed av skrivaren at billettane ikkje kan skrivast ut. Eg gjev deg pengane tilbake og ber deg gå heim og prøve å reservere billettane på nytt (om du kanskje hadde gjort noko feil), eventuelt ringje billettservice. Køen tek seg opp, og eg ber deg gå heim og prøve vidare der – då det ikkje er noko meir eg kan gjere. Du kverulerer, men går då eg ikkje svarer ved å ekspidere dei andre kundane i staden.

Det går fem minutt. Du ringer opp igjen og informerer meg om at der er det stengt, dei eg fekk deg til å ringje hadde ikkje ope! Eg prøvar likevel å fortelje han at det ikkje er noko eg kan gjere, og legg til eit «desverre» før tolmodigheita mi går ut. Og eg spør om han må ha billettane i dag. Du fortel at det er bursdagen til sambuaren din i morgon, og at ho må få dei i bursdagspresang når ho vaknar. Eg får så inderleg lyst til å seie at det burde du for faen tenkt på litt før! Og kven i helvete vil vere saman med ein så arrogant  og jævlig fyr som du uansettt? Men eg vel å avvise han på ein kort måte: Beklager, eg kan ikkje hjelpe deg meir og at du må slutte å ringje meg angåande den saka – og legg på før du får sagt eit ord.

Du ringjer tilbake til butikken og spør meg om eg er klar over at bursdagspresangen til sambueren din går til helvete no. Eg seier ja. Og legg på. Eg håpar det går til helvete med sambueren din også, tenkjer eg og håpar at du kjem tilbake i butikken så du kan sjå at eg gjer akkurat dette:  fuckuu

Advertisements

8 responses to “Fuck YOU!

  1. Er det mulig? Enkelte berre MÅ legge skylda over på andre når dei er veeeeldig klar over at det er deira eigen feil.. Argh! Eg e imponert over at du klarte å holde maska 🙂

    • Ja, det er heilt UTRULIG ka folk får til å bli sinte på andre for! Når eg tenke tilbake på saken skulle eg gitt mykje for å sjå mitt eige ansiktsuttrykk når han kom inn igjen for n’te gong. Tvila på at smilet var på plass, men eg hadde SÅ lyst til å frese. Off;)

  2. Minne meg forresten om brudgommen som kom nedom studio dagen før han skulle gifte seg. Han hadde glømtå fikse fotograf. la fra seg eigne planar og stilte opp med fotograferingtil dei. Tre mnd etter hadde dei enda ikkje betalt, eller henta visnings-cden med bildene.

  3. haha. for ein djørk!
    men sånn seriøst, det er dritirriterande at dåke ikkje kan skrive ut alle typar billettar. er jo ikkje din feil, men det er jo ganske kjipt når dåke kan selge billettane men ikkje printe dei ut. men for ein fyr då. han kunne jo gått på deli istadenfor :p

    • Nååååh!
      Sakna faktisk Alex, sjølv om ein ikkje skulle tru det! 😉 Men kosa meg så vanvittig her… 😀
      Skal tru om eg ikkje skal ta meg eit friår når bacheloren er ferdig – jobbe på Alex, og reise igjen? 😉

      Trivst du?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s