Whoops…!

Må fortelle det no medan det enno er eit friskt minne. Hadde ein koseleg kveld med Hagen, Stein Inge, Stig, Lisa Mari, Magnus og Christopher i kveld (taco, god drikke og «Minutt Mesterne»), topp stemning. Litt seinare bar det ut på Løkka for ølkrana og det sosiale samværet. Tidleg kveld, men kjempekos. Vi skiltes rett ovanfor Fru Hagen, dei gjekk opp mot Birkelunden og eg gjekk ned mot Schousplass. Hoi Hoi!

På veg forbi køen til Fru Hagen var det spesielt kul musikk på playlisten (Beck – Get Real Paid), så eg hadde absolutt ikkje dårleg tid på veg heim. I køen la eg merke til ei høg jente i svart kåpe med lyse, gjennomsiktige strømpebukser og pumps. Det fekk meg til å stusse, og eg stoppa og og vips: Eg fekk sjå alt eg ikkje hadde bedt om å sjå. To stk. rumpeballar og ein altfor trang tanga. Naturlegvis stogga eg opp for å sjå om nokon gjorde noko for å dekke til henne, eller i det minste advare om at det ho eventuelt hadde på seg hadde sklidd altfor langt opp og at ho no blotta seg for omlag heile nedre Grünerløkka.

– Eh, unskyld? Men du? Eg tenkte berre å seie i frå, om du ikkje var klar over det, at… Heile rompa di syne mellom splitten i kåpa di!

– Ja? Jeg har jo på meg skjørt…

– Nei, alså, eg meina… Eg ser tangaen din? Og rompa di…

Jenta snur hovudet rundt og vert obs på den nakne rompa gjennom strømpebuksa. Ho vert stor i augene og får eit lite anfall panikk, ein sjuk type latter. Eg blir ståande og måpe, og veit ikkje heilt kva eg skal gjere. Venninnene hennar er inne i lokalet, ingen ho kjenner er utanfor – og eg, er i ferd med å knekke i hop med tidenes latterkrampe. Etter litt retting på kåpa, og eit par ring til venninnene som skulle kome ut og hjelpe henne, fortalde ho at ho antaglegvis hadde mista skjørtet sist gong ho var på do, på Café 33… Altså, eit godt stykke lenger oppe i gata. Er det mogleg!?!?

Well…

Eg gjekk heim, med latteren langt oppe i halsen heile vegen heim, og sat endå meir pris på at mitt vesen ikkje var ukontrollert full, men heller takknemlig for at mi nye seng skulle bli min neste destinasjon.

God natt, fylleangst! Eg veit i alle fall om éin person som kjem til å ha ein angstfull dag i morgon – and that person is not me;)

HAHAHAHAHHAHA

Advertisements

2 responses to “Whoops…!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s