Teardrop

Det har vore ein herleg og avslappande laurdag. Bortsett frå starten; Stod opp tidleg, skulle på jobb, fann ikkje nøklane til jobben, leita over alt, vendte skuffer og skap, tømde bagar og sekkar, leita under bord, mellom sofaputer, i kjøleskapet, på badet, you name it. Nøklane var ikkje å finne! Etter å ha ringt ymse kollegar som ikkje tok telefonen, måtte eg ringe til sjefen for å få han til å kome med nøklar så vi fekk opna sjappa. Etter opninga var i boks såg eg at nøklane låg i hylla under bollane i kiosken! NICE!

Var på kino i kveld med Iselin, Stein Inge og Stig. Kjempekos. Såg Vegas. Også tok vi nokre øl etterpå. Også fekk eg meldt Iselin på tv-aksjonen, så no har eg engasjert to bøsser i tillegg til den Christopher og eg skal ha i morgon. Hurra!!

Mykje Massive Attack i dette innlegget? Why? Jo, på tysdag er det konsert – og eg gler meg som aldri før. Har ikkje ord for kor kjekt det blir!
No skal eg legge meg og sovne til eit av dei banda eg aldri vert lei av, også skal eg sjå på stjernene til Jon Blund kjem på besøk.

HUGS Å BIDRA TIL TV-AKSJONEN I MORGON!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s