Jo, visst faen, dei var her!

massive

Massive Attack, Sentrum Scene

nigeria

Medisin månadleg til ein pasient i Nigeria: $9

ipodiPod Shuffle: $39,526

Det fins ikkje ord for å beskrive konserten som var på Sentrum Scene for kun eit par timar sidan. Utsolgt dei første dagane og så absolutt synd i alle dei som ikkje fekk billett. Dette var ei oppleving utan like. Som «erfaren» konsertgåar følte eg meg omlag snytt for tidlegare «kvalitetsmusikk på scene» når Massive Attack entra scena. Det var ei oppleving eg kan garantere aldri kjem i gløymeboka. Dei gav meg gåsehud. Dei gav meg reaksjonar eg ikkje visste at eg hadde. Før dei tok til på «Risingson« steig kroppshåra mine av seg sjølv. Dei reiste seg på eige initiativ, og kroppen var med på kjensla. Det var frysningar på alle «dream on». Det var frysningar gjennom heile «Risingson»! Når eg tenkjer meg om var eg bergteken frå starten av konserten, og det fins ingen ord som kan beskrive resten. Bortsett frå at vi hadde sitjeplassar, og det var fysisk umogleg å sitje når dei avslutta med den fantastiske «Karmacoma» etter å ha gjort gull av alt eg tidlegare har høyrt, og ikkje minst av den nye singelen – som eg no vil tune inn for å nyte til natta vert til dag.

Uansett kor bra konserten var (6/6, bergteken, «dette er kvalitet utan like», terningkast 6! osv…) så toppa det heile seg. Etter konserten. Vi tok nokre pils på Internasjonalen saman med Karoline, kjærasten og ein kompis. Deretter gjekk vi til Fisk & Vilt for å delta på nachspielet der det hadde blitt fortalt at Massive Attack skulle vere «dj». HAHA. For godt til å vere sant! Likevel, vi tok turen. Etter å ha loka litt rundt såg vi at stemninga var heilt ok. Vi vurderte å gå, men så kom dei inn døra. Robert Del Naja og Grantley Marshall. Vi var ikkje mange ved baren, men dei stoppa der. Også kom autopiloten. Eg kunne ikkje la vere. Korleis kunne dei stå der i lokalet, på Fisk & Vilt utan at eg gjorde noko? Det var jo Massive Attack! Karane back Mezzanine! Plutseleg stod eg ved sidan av Grantley Marshall og smilte til han. Robert nikka høffleg mot meg, og Grantley snudde seg mot meg og sa:

– Hello baby, how are you tonight?

Eg, Birgit, utan klokskap eller evna til å halde tunga rett i munnen svarte følgjande:

– Hi. I love. I love you! I mean, yeah, I love you. Thank you!!

Grantley:

– Well, uhm, thanks. Også smilte han og snudde seg mot Robert igjen.

Også gjekk eg tilbake til dei andre og tenkte at herregud kor teit eg er. Men fekk likevel overbevist meg sjølv om at eg fekk jo sagt det – det som eg ville sei, det som eg tenkte. Og eg gjer det jo. Elskar dei. Også innsåg eg kor vanvittig feitt det var at eg hadde  hatt ein viss type kommunikasjon med Grantley og Robert – M A S S I V E     A T T A C K , liksom – og gjekk tilbake til Christopher og Karoline og kjærasten og kompisen. Også laga eg rare lydar som kom i from av «weee, iiiiiih og eeeh vi må kjøpe øl!!!» Før eg fekk sett meg rundt igjen var dei ute av lokalet. Vi dansa til det vart for seint og var du verda så lukkelege for å ha sett dei. Og endå betre var det då vi skulle gå, og «smugleseren» kom for å filme stemninga og bekrefte at Massive Attack ikkje hadde vore der, noko som vi kunne fortelje at jo, visst faen, dei var her!

massivr

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s