Jannike Sunde – som blanke ark og fargestiftar tell

I dag har vore den kjipe dagen. Den seriøst kjipe dagen. Stod opp på feil fot kvart over seks. Ikkje ledig bysykkelstativ som førte til at eg vart eit kvarter forseint til trening som eg hadde gleda meg max til – fordi Jan Henning skulle ha den (spinninginstruktørar over alle spinninginstruktørar). Då eg endeleg var framme sa dama i resepsjonen at eg ikkje fikk vere med. Fordi eg var for sein. Eg spurde om salen var full, men neida, det var den ikkje. Det var ikkje det som var problemet. Men så krangla eg meg til å få bli med, for eg hadde jo gleda meg så veldig. Og uansett kor daudtrøytt eg var, så ville eg ikkje gå glipp av Jan Henning-spinning. Det er jo berre ein gong, annan kvar veke! Dama ved skranken var sur. Eg var sur. Men kom meg endeleg fram til spinningsalen. Fekk på meg pulsbeltet og sette meg på sykkelen ved sidan av Hagen og Lisa Mari. Og foran oss sat ein fyr med nedovermunn på instruktørsykkelen. Han hadde teke Jan Henning sin plass! Han var kjip. Musikken var kjip. Eg var kjip. Alt eg tenkte på når eg sat der og sveitta, var at herregud – eg kunne ha sove oppriktig godt akkurat no, og kanskje vakna som ein lukkeleg person. Men den gong ei. Denne dagen var dømd til å bli ein dritdag. I could just feel it (in my finger, feeeeeeel it in my toooooeee)!

Etter trening tok Hagen og eg oss ein tur på Teknisk Museum. Der skulle eg finne stoff til reportasjen som vi skal skrive på skulen. Til mi store glede var der ingen ting å skrive om, og eg var ein heil dag for seint ute til å få med meg det som var planen. NICE. Ergo = oppgåva eg skulle skrive var lik null! Men heldigvis hadde vi det kjekt på klimautstillinga. Interessant, også var det kjekt å gå i støvlar! Og veldig fint å vere i lag med Hagen sjølvsagt.

På veg heim fekk eg vondt i hovudet. Eg sat i to timar i strekk og såg inn i skjermen for å finne ut kva eg kunne skrive reportasje om. Frist: Måndag. Krise? Ja. Plutseleg var det dags for å gå på jobb. Maax med blad som skulle i retur. Sure kundar. Folk som kjefta på meg fordi dei trudde smågodtet som vi sel på kampanje, 6,9 hektoen, var utgått på dato – og at det var til dei grader uhøffleg å lure kundane på denne måten. Fleire sure kundar. Hovudverk. Sneglefart. Sliten og oi, hadde visst gløymt å ete! Og mat på Narvesen? kjøt, kjøt, bolle med sjokolade, kjøt, kjøt… NADA! Som trøtt, på nærleiken av migreneaktig og utmagra tok eg alt veldig tungt. Oppgjeret tok ein evigheit. Golvet lot seg ikkje vaske av seg sjølv. Ryggen verka etter tunge kasseløft og magen skreik meir enn nokon andre eg har høyrt i det siste, inkludert ungane i tunellen på veg til teknisk museum. 30 minutt seinare enn vanleg var eg ferdig på jobb.

Då eg kom heim heldt eg på å begynne å grine av lykke fordi eg endeleg var komen til det huset eg visste senga mi stod i, og alt eg ville var å forsvinne djupt under dyna, og kanskje ikkje vakne før fredag kveld. Men så lyste konvolutten mot meg.

post

Og inne i den låg det herligheter. Songar og dikt som vi skreiv til kvarandre på vidaregåande. Akkurat det eg trengde no. Smilet kom fram med ein gong eg opna konvolutten. Jannike redda dagen min, i alle fall det som er igjen av den. I natt får eg sove med eit smil om munnen 🙂

Her er eit lite utdrag, så du får kjenne litt av feelingen på kor kosleg post eg fekk:

«De nære ting»

Birgit, du bist meine Liebchen.

Die Lekeste, schöneste Mädchen.

Ich wunche mich dich unter Weinachtenbaum,

das ist meine grösste, magische Traum!

Og… Ikkje for å bli klisjé, men må nesten ta med eit utdrag av ein song eg skreiv til Jannike også – så den gjensidige hugleiken kjem til syne i dette innlegget.

«Song til Jannike»

When you are close, and not away

I feel you really make me sway

I don’t know what it is about you

a day without your present makes me blue.

If only I could tell in words, how good you are

I would use nouns, like a shining star

You brighten up my life so nice

Do I love you? I don’t think twice.

jannik

Takk!

– Din Birgit

(P.S: Eg er jo sjølvsagt klar over at ingen ting av det som står ovanfor er nok til å kunne kvalifiserast til å vere ein sånn skikkelig, skikkelig dårleg dag – egentlig, men her er det eg som bestemmer, og denne dagen var ein av dei dagane eg no har bestemt meg for var ein skikkelig drit-dag! )

Advertisements

3 responses to “Jannike Sunde – som blanke ark og fargestiftar tell

  1. torsdagshaudeverken henge stadig igjen also? 😦
    det va bra at du likte posten då 😉 Glad i deg snuppa. (Og det e av og til lov å vere sytete over bagatella, for du blir jo so inderlig glad over bagatella og :X )

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s