Ånei, dæven! Spis du også Svolværpostei?

40 % på alle Stabburet-varer trakk meg til Ica i går. Då eg stod i hylla og telte opp antal Svolværpostei eg hadde råda til, kom ein eldre herremann bort og nesten ropte i øyret mitt; – Nei, dæven! Spis du også Svolværpostei!?

Eg såg forskrekka på han, også såg eg på pålegget som eg ellers ikkje har råda til å kjøpe. Pålegget eg assosiera med julefrukost/påskefrukost/søndagsfrukost heime på Nedreberg.

Eeeeh, ja! Det er så jævlig godt! Og i dag er det jo 40%, så då kan eg hamstre litt! Og kose meg på søndaga, eller gråveirsdagar når eg har fri og sånn!

Mannen smilte stort. – Det har du helt rett i, frøken! Men pinadø, det beste med svolværpostei er å kunn hovere over dem som sælg omega 3-kapsla nede på Karl Johan! Når dæm kjæm bort til trynet ditt for å sælg dæ omega 3, så kan du bare flir tå dæm å si at du spis så mye omega 3 at fornavnet ditt kunn vor Omega å etternavnet kunne vore 3!

Eg lo.

– Du æ nok den første æ ha sett som spis Svolværpostei, som e andre enn mæ sjøl! Ja, dæven, du lik Svolværpostei du åsså! Dæven døtte. Men ka e det dær for nåkka? Makrell i tomat på tube? E det no godt da? Eg visste ikkje heilt kva eg skulle svare, det verkar plutseleg som om det har oppstått eit «love at first sight»-moment i butikken mellom dei to «einaste i verda» som et Svolværpostei, sjølv om eg ikkje er komfortabel med mannen litt ein gong.

Det er veldig praktisk på tube. For då kan du ha det med som niste. Praktisk for studentar, ser du! Eg prøvar å gå. Mannen tek tak i meg, så eg nesten mistar det vesle lasset eg har av Stabburet-pålegg. – Dæven, ja, dæven, det skal æ jammen ta å prøv! Makrell i tomat på tube, har du hørt makan…

stabburet

Advertisements

3 responses to “Ånei, dæven! Spis du også Svolværpostei?

  1. Verken eg eller ein god kollega av meg hadde nokon gong ete svolværpostei. Enda eg er frå Tromsø og ho bur i Bodø. Då min kollega var sein til frukost under ein studietur, sende eg følgande løgnaktige sms: «skund deg før Roger et opp all svolværposteien».

    Etter å ha hatt svolværposteihumor i fleire månader, tok vi luven av han ved å prøvesmake svolværpostei: Riesling frå Alsace og flatbrød, og så prøvesmaking. Det var …godt. Greit nok. Og slett ikkje så fælt som eg hadde førestilt meg.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s