Men mat må vi jo ha!

(Dette er ein kommentar eg skreiv i ei oppgåve på skulen, men sidan folk alltid spør meg kvifor eg ikkje ete masseprodusert kjøt, så kjem hovudforklaringa her)

Kjøtforbruket til ei hushaldning på 4 personar står for like mykje klimautslepp som ein gjennomsnittleg personbil. Kvifor vert då landbruket gløymt i den store klimadebatten?

Det er ikkje lenge til det store klimamøtet i København der verdas statsleiarar skal finne ei erstatning for Kyoto-avtala som går ut i 2010. Vil landbruket bli sett på under lupa denne gongen? Lars Peder Brekk (Sp) kommenterte til Dagsavisen at ”i Kyoto-avtalen var landbruket langt på vei glemt. Nå må mat og matproduksjon bli et viktig tema under klimatoppmøtet i København.”

Fokuset er meir retta mot vekt på kutt i utslepp i trafikk forhold til landbruk. Er det verkeleg reelt at vi ikkje er klar over konsekvensen av landbruket, og det er difor landbruket så ofte vert sett i bakgrunnen?

I følgje FN sin mat- og landbruksorganisasjon (FAO) står husdyrnæringa for 18 prosent av dei globale klimagassutsleppa – meir enn alle former for transport til saman! Om ein ser på dette vil ein kanskje be Seniorforskar ved Bioforsk, Arne Grønlund, tenkje seg om to gonger når han seier til Klassekampen at ”vi kan redusere bilbruken, men mat må vi jo ha.”  Er det i følgje Grønlund uhøyrt å kutte ut kjøtet, eller i det minste, kutte ned på kjøtforbruket? Eit forbruk som fører til ei enorm sløsing med jordareal (til beiting og fôrproduksjon), vatn, sprøytemiddel og andre kjemikalia. Er det viktig med miljø kun når det ikkje går utover vårt egosentriske, luksuriøse kosthald?

Sidan 1990 har gjennomsmittsforbruket av kjøtt pr. innbyggjar i Noreg blitt tredobla. På verdsbasis har kjøttforbruket auka med over 300%. For å produsere eit kilo storfekjøt, går det med gjennomsnittleg 16.000 liter vatn. Om ein ser på desse tala kan ein sjå samanhengen mellom det enorme vassforsyningsproblemet – sjølv om Noreg ikkje er råka av dette.  Konsekvensane er likevel betydelige. Colorado-elva, som spring ut frå Rocky Mountains til California-bukta,  tappast no i så stort omfang at den ikkje lenger når havet. Eit helt økosystem som før levde i deltaet er no forsvunne. Døme på vassforsyningsproblemet kan vi også sjå i Den Gule Flod. Livsåra i store delar av Kina og opphavet til verdas eldste nolevande sivilisasjon, har vore tappa så mykje at den enkelte år på 90-talet tørka heilt ut.

Mengda metan (utslepp frå dyra sine prosesseringar av mat) er begrensa i forhold til CO2.
Men metan er om lag 21 gonger kraftigare enn CO2. Gjennom sitt kjøtforbruk bidreg en gjennomsnittsnordmann difor årleg til utslepp tilsvarande 650 kilo CO2-ekvivalantar. For ei hushaldning på 4 personar er dette 2.6 tonn, like mykje som det årlege utsleppet frå ein gjennomsnittleg personbil, informerer Norsk Polarinstututt om.

Då er konklusjonen rimeleg eintydig: Kutt på kjøtproduksjon vil spare miljøet for utslepp av klimagassar, metanutslepp, overforbruk av vassressursar, tap av landbruksjord og rasering av biologisk mangfald, for å nemne noko. Ein kan også tenkje på matvarekrisa, og dei fattige som vert ramma av at matvareprisane stadig vert høgare. Det er difor mange grunnar til å følgje leiaren av FNs klimapanel, Rajendra Pachauri; å bli vegetarianar. Eller, om en ikkje er klar for endre matvanane heilt, få eit større innslag av vegetarisk mat inn i kosthaldet, før ein nok ein gong ser på  kva ein kan gjere for å minke klimagassutsleppa frå den daglege trafikken.

Advertisements

7 responses to “Men mat må vi jo ha!

  1. Fy søren det river i hjerterota når jeg leser det innlegget her! Det her er en så engasjerende klima OG humanitær sak så det synger etter! Og folk er så uvitne! Som du sier Birgs så er kjøttindustrien helt glemt i kampen om klima og miljø..folk blir ikke nok informert! Litt absurd med tanke på at det er så mye fokus på kosthold nå og å spise sunt. Djises, om man ikke velger å ta kampen helt opp og bli veggis kan man i det minste kutte litt ned. For ja, mat må man ha, men man trenger ikke kjøtt hver dag!!

  2. OMG.
    Tar poenget ditt, men løysinga e vel ikkje å kutte ut kjøtt og bli veggis. Det handla jo berre om måtane det blir gjort på då. Og trur du at tunfiskindustrien e bedre? 😛

    • Èi løysing er å kutte kjøt ja, det er utrulig viktig å kutte ned på det kjøtforbruket slik som det er no. Absolutt ei løysing det! Ei løysing, blant mange andre! Her drøftar eg ikkje spesielt, måten det vert gjort på (det er jo òg ei sak), i forhold til klima er kjøtproduksjonen langt over grensa berre med tanke på utslepp i forhold til metan. No need to say more;) Og om tunfiskproduksjonen er betre i forhold til klima, JA! Det er det ikkje tvil om!! Kor mykje metan produserer tunfisk…?

  3. Tunfisken er ein trua dyreart, så det er jo eit problem i seg sjølv. Også er den langreist, så då utelukkar vel den seg automatisk? Utanom det, så sant vi ikkje snakkar om økologisk, lokalt kjøt, er eg heilt einig Birgit.

    • Jau, det er eg fullt klar over. Og den utelukkar seg med tanke på at den er langreist. Men det gjeld også all mat som er langreist. Så lenge det er snakk om masseprodusert kjøt, vil nok utsleppa vere det same på metan-basis. Men sjølvsagt er det null kunstgjødsel og sprøytemiddel til dyrking av fôr, og ekstra krav til dyrevelferd – noko som òg er veldig viktig.

  4. Jepp, er nok som du sei..å kutte ned på kjøtt er alt for ukomfortabelt… Og så har nok kjøttprodusentane mykkje makt.. Det blir som med sukker. Store deler av sukkerforbruket kunne vert erstatta med sunnare alternativ, og områdene som blir brukt til dyrking av sukker kunne gitt mat til en sultende befolkning.. men nokone tjene peng på det, nokon med mykkje makt..
    OG så er nok veldig mange folk ganske fantasilause når det kjem til matlaging, og kan ikkje tenke seg et måltid uten kjøtt..Hey..kanskje DET er et blogg-prosjekt? Oppskrifta uten kjøtt 😉

  5. ta jegerprøva og la kjøtet de et vere frå naturen ute. Der har kanskje dyra levd eit godt liv i fridom til dei blei jakta på. Men blir dei ikkje jakta på, vil bestandane auke så mykje at somme går under pga av at dei blir for mange. Naturens gang, men den er tukla med, så ein må rekne med at menneska må ta sin del for å prøve å halde oppe ein kunstig balanse.
    Kven av dei unge jaktar i dag? Er det ingen som vil ta over den tradisjonen?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s