Potet

Det er ikkje seint, men seint nok til at Jon Blund er hjartleg invitert til sengs. Etter hektiske dagar med fanteri og ikkje-fanteri, var det fint å stå opp til ein produktiv dag. Etter ei natt med tung søvn, gjorde Corebar susen. Nest siste innspelingsdag gjekk som smurt, vi hadde det artig, og fekk filme i kontorlokala til Dagens Næringsliv. Lekker bygning, og bra avis. What’s to complain about? Når dagen var over, var det godt å kome heim til Christopher. Stig, Stein Inge og Helge tok også turen. Sadorgen var storkar og fann fram raudvinen. Så kosa vi oss med kortspel til eg vann, for då gadd vi tydlegvis ikkje spele meir. I morgon vert det ein lang dag, men den er likevel enkel: 1. Ta med 1. klasse på tur. 2. Kveldsskift på Narvesen. 3. Senga. Sprøtt å ha berre tre ting på programmet, sjølv om det inneberer 14 timar arbeidsdag. Bra blir det.

Av og til er det veldig godt å ligge slik. Med øyret akkurat bort i den andre poteta.

Advertisements

One response to “Potet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s