Takk til Atløy og Sigurd Løkeland

Skjer, liksom? Atløy? Atløy er ei øy i Askvoll kommune som ligg i det vakre fylket Sogn og Fjordane. Det er i den kommunen Limita og Gilbert kjem frå. Det er i den kommunen Sigurd Løkeland har gjort tidenes oppfinning innan skaldyr-stasj ein kan ha på skiva/knekkebrødet, nettopp: krabbepostei! Ja, du høyrde riktig: KRABBEPOSTEI!

For oss som er veldig glade i skaldyr (særlig krabbe), er dette reine julafta. Eg åt jaggu opp heile boksen, utan å tenke over at, hei, eg er kanskje allergisk, men det gjer ingen ting for dette her var så godt. Og det var heilt tilfeldig eg kom over denne boksen. Er den ny? Kva skjer? Kvifor har eg ikkje høyrt om den før? No skal eg begynne å kjøpe den. Så skal eg ete den med eit stort smil om munnen. Også skal folk få smake. For dette er så godt!

Takk, Sigurd Løkeland! Og takk til innovative Sogn og Fjordane;)

Advertisements

2 responses to “Takk til Atløy og Sigurd Løkeland

  1. Eg var faktisk på bedriftsbesøk med dei krabbefolka i valkampen! Fekk med meg eit par boksar, men fekk aldri smakt på dei. Det er utruleg fint der ute!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s