Har eg slutta å røyke, eller er det no det startar?

– Røyk og rom vart gryets dom.

Yes, yes! Slutta å røyke i 2007. 2008. Det var heilt på starten av det som skulle bli ein 4 månadar lang, og himmelsk tur i Oseania og Asia. Etter herlege dagar med moro i L.A og øyhopping på Fiji, var eg etter ein fuktig og røykfull aften plutseleg klar for å kutte ut røyken. TOTALT. Møtte lyset for røykeslutt liksom! Eg hadde prøvd å slutta fleire gonger før, men på vidaregåande gjekk det skeis alle gongane. Å ha røykehjørne utanfor klasserommet er vel ikkje akkurat tidenes deal for ein stressa, røyksugen student… Då gjekk eg over til å snuse, men det enda opp med snusing og røyking om kvarandre. Ein såkalla svinn-svinn situsjon. Anyways. Vi var på ei av favorittøyane våre, Waya Lailai på Fiji, og hadde festa heile natta. Drukke rom, bada i måneskinet, leika i ein båt (stort sett Ina-Mari og Heidi, pga. min dårlege balanse var leiken over då eg endeleg var på plass i båten.), ete god mat og sitert The-Extras humor heile kvelden. Det var to timar søvn, og tidleg opp på topptur (dvs. Birgit aleine på topptur då Ina-Mari og Heidi syntes det var betre å sove enn å gå langt til helvete opp i skogen klokka 5 om morgonen). Då eg kom ned igjen sa eg til Heidi og Ina-Mari: No har eg røykt siste røyken!!! – Har ikkje røykt ein einaste sigarett sidan! Og det har gått smooth! No har det snart gått 3 år(!!!) og eg har ikkje hatt store problem med å halde meg unna sigaretten. Ja, eg har vore superaggresiv på folk som har røykt på trikkestoppa og sånt, og folk som røyke på film og innhalera på den gode, gode måten, og eg har vore forbanna på folk som har stressa saman med meg,  og gått ut for å røyke for å roe ned kroppen. Men sånn ellers har det gått veldig fint. Inntil 14. november i år. Då vart eg så røyksugen at eg holdt på å sprekke. Lucky Strike? Marlboro Light? What to do? Eg vakna opp med 01 porsjon-snus i munnen dagen derpå. Eg sprakk ikkje for røyken, men… Akkurat no er eg inne i ein periode der eg må ha røyk. (Nesten) Tre to år etterpå! Er det her normalt? Kva skjer? Eg har ikkje tenkt til å begynne å snuse, men faen heller om røyken skal ta meg! Det stinka, det lukta jævlig (men godt når ein er skikkelig, skikkelig sugen) det er usunt, det er farleg, det er sjølvmord på pinne, det stinka, det lukta jævlig, det lukta jævlig!!

Allright… Eg får prøve å mimre tilbake til den dagen eg vart røykfri – og sjå om eg kan bringe tilbake den kontrollerte, sjølvsikre eg-er-ferdig-med-røyken-haldninga mi. For eg èr ferdig. Berre litt «hard time» akkurat no…

– Sjebnens tur, Fiji Islands…

Det var nok dette lyset som var l»yset for røykeslutt».

– Friske omgjevnadar for ein røykfri Birgit.

– Den røykfrie og fornøgde Birgit, som ikkje visste at slitet skulle kome 3 år etter…

– Mitt nødnummer?

Advertisements

7 responses to “Har eg slutta å røyke, eller er det no det startar?

  1. ja, ja, Birgit
    Trur no ikkje det er meir enn to år sidan, for eg har visse minne frå den perioden. Kanskje eg kan bruke dei til noko positivt. Nemleg, tenk på meg den gongen, og gjer kva som helst for å unngå same skjebne

    • Det var 2007, så blir nok 3 år når 27 januar treffer inn. Det er heilt sant! Du var/er nok hovudmotivator, Lille My!

      Sadoss: Ja, nytt design kan bli bra – kva vil du ha? Bilete av deg på headeren? I’m up for some changes!

      • det var i alle fall i 2008 at du var i Asia osb. og vi m.a. hadde namnefest for HU som er fødd 1. juledag 2007. Han blir to år no, og du reiste etter jul. Viss eg ikkje rotar alt for mykje då

  2. godt det ikkje var slik at eit år var blitt heilt borte frå meg. Og du reiser rundt til alle tider, så ikkje så rart at du kanskje blandar litt tid og stad. Men no er det snart jul og det er no i desember 2009 og du kjem heim

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s