Dagens blodbad

I går kjøpte eg meg ny sykkel. Eller ein ny, men brukt sykkel. Den er veldig fin. Og i dag skaffa eg meg ein sykkellås, ein ordentleg ein (med NØKKEL), slik at den ikkje skal bli stjelt, slik som dei andre… Uansett. På veg heim stod eg ved bysykkelstativet i Torggata og venta på at min sykkel skulle utløysast. Og i dét eg står og ventar, kjem det tre menn slossande mot stativet. Dei slår kvarandre hardt, helst mot nasepartiet, og skrik til kvarandre på eit språk som eg ikkje forstår. Blodet sprutar og eg har store auger og innbiller meg at eg kjenner lukta av jern i blodbadet. Det er eit tomt område langs sykkelstativet, og mennene sloss opp etter sykkelen som viser seg å bli min. Dei kastar seg fram og tilbake, blodet renn av to av dei, den eine spyttar ut ei diger klyse av blod og slim. Og eg har panikk. (Ja, eg trur eg hadde det.) For eg ringde ikkje politiet. Eg gjorde ingen ting NORMALT. Eg strakk meg over blodpølane og sneik meg forbi dei slossande mennene. Eg sette på Morrisey på iPoden. Også tok eg fatt i sykkelen min og tenkte at eg måtte kome meg til helvete heim. Eg satt meg på sykkelen og laga spor gjennom blodpølen. Når eg kom bort til Meditteranean Kebab såg eg at dei skildes, og tenkte at politiet ville uansett kome for seint.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s