Takk for 2009, alle og ein kvar!

As always, må eg køyre i gong med årskavalkade! HÆ? Same presidure as every year, James!

Januar:

Som vanleg alltid hardt å starte skulen etter ei knallflott jul! Hagen budde hos oss i Kirkegårdsgata 7, det var knas. Mamma sendte pepperkakehus med ho tilbake til Oslo, noko som var gull verdt! Livet gjekk som smurt på Oxigeno, og det var kos å gå over Akerselva og sjå på endene kvar morgon. Stigen, Lisa Mari og eg var på Oasis-konsert i spektrum, ei oppleving som fall i smak sjølv om gutta (as always) var passe sure. Månaden gjekk fort, og som alltid, før eg visste ordet av det, var det allereie februar!

Februar

I februar stod jobbsøking høgt prioritert. Var innom mykje snusk, før eg enda opp med kassajobben i Narvesen. Eg fekk pakke i posten med Stian, og vart sjølvsagt veldig glad! For ein hunk! Oslo gjekk frå vinter til vår og tilbake til vinter igjen på kun kort tid, og Christopher reiste i frå meg, til fordel for India. Eg vaska kåken og fann denne tingen som skapte eit stort mysterium. Februar var også månaden eg tok daiting til eit nytt nivå, og hadde ein aldeles utmerka dait med meg sjølv: snydens middag og Kaiser Chiefs som imponerte på Sentrum Scene! Dette kan eg per dags dato anbefale. I februar fann eg også ei banan frå 2008. Det var ikkje til å anbefale. Studietida mi var for det meste på Qba der dei serverte meg god mat, og sørga for å halde meg våken med ein kaffikopp i ny og ne. 20. februar rocka Hagen og eg på AC/DC-konsert, og hadde ei kule eg seint vil gløyme, før vi dagen derpå satt oss på toget til Bergen. Hagen vel å merke i ein kupé langt vekke frå kupéen til meg og Stig, der ho satt saman med ei feit, illeluktande dame som hadde fuktige sokkar som ho valde å ta av seg på toget for å «tørke beina». Ellers beviste nok ein gong Sørlandschips at dei er god på det dei driv med, ved å sende meg ei flott kasse som eg kunne knaske på. Årets første eksamen var overstått, eg vart kalla hore i parken, Bloc Party var rå på Sentrum Scene, ein pakke låg utanfor døra vår, som viste seg å vere eit kunstprosjekt (og resultatet kan du forøvrig sjå her), Tiril og eg hadde flotte dagar på Sognsvann, og vinteren var generelt slik den burde vere: kvikklunsj og kald. Til å vere årets kortaste månad, må eg innrømme at denne månaden her inneheldt veldig mykje bra – og ein skulle nesten tru eg hadde «juksa litt» for å få plass til alt.

Mars starta med ei «einaste lang orgasme», før mamma kom på besøk (haha, veldig artig å setje dei to setningane saman) og hadde storhelg med oss «ungane». Eg fekk lov til å skrive for endelighelg.no mot gratis konsertbillettar, såg på svanene og fekk meg nye spinningsko og kjøpte billett til Rockwerchter. Denne månaden var også bananrelatert, men denne gongen fann eg noko eg trudde var verdas lengste banan. Det var søndagstur med Stig, noko som også førte til at søndag vart kåra til min favorittdag. Dette har enno ikkje endra seg. Eg vart sjølverklært liftekspert, middagsgjest hos Stig,  og såg det flottaste fyrverkeriet nokon gong. Anne Mari og eg var på The Vineyards-konsert, og oppdaga ein ny favoritt: Stricken City. Hans Ulrik var liten og søt,og det var ingen ting som var meir stas enn å vere barnevakt-tante. 29. mars hadde eg mitt første intervju, og fann ut at Heroes and Zeros var like kjekke som dei var flinke (les intervjuet her om du vil). Lisa Mari og eg var på Franz Ferdinand-konsert, og til vår store glede oppdaga vi oppvarmingsbandet Kissogram. Nok ein gong fekk eg pakke i posten.

I april sakna eg Skofus, budde i leiligheta til Hans Magnus under eksamensperioden, og kosa meg på Oxigeno. Eg var ein kort tur til Stryn i påska, og påskedepresjonen (grunna jobb på Narvesen og mangel på folk på Grünerløkka) vart redda av dei kjære påskeegga. 11. april såg eg ein seriøst stor hundebæsj, Christopher kom heim og eg vart dritglad. April var forøvrig den månaden eg fann ut kva eg verkeleg er god til, og kunne glatt ha meldt meg på Norske Talenter med å reinske egg. Eg fann boksen i mitt liv, og avslutta månaden med å forelske meg i deliguten.

Mai, du skjønne milde kom som eit skot. Flott veir og bryllaup på Nedreberg, før realiteten med eksamenshelvete slo inn igjen. Eg vart spelegal, lærte å lage mitt første origamihjarte, Tiril, Stig og Christopher var følgjet mitt på Melody Club, 17. mai vart feira i bunad og godt selskap, utelivet baserte seg på Internasjonalen med Dr.Nordahl og ringdans, Christopher og eg tok turen til Stryn for å passe garden. Dette var herlege dagar med Skofus-pels i nasa! Mai var einaste månaden eg klipte håret i 2009 (note to myself: gjer det OFTARE FFS!).  Eg hadde bursdag, som vart feira i parken rett før det vart juni.

Juni

Bysykkelen vart stjelt. Eksamen over, og eksamensfilmen min gav meg gratis champagne. Eg såg ei morsom reklame, Norwegian Wood introduserte meg for Nick Cave and The Bad Seeds FOR REAL, og vi forelska oss.  Eg var Oslolos, heimlaus – og kunne difor bu hos favorittfamilien, og sjå på Hans Ulrik ete pannekaker. Familien tok meg med til Horten, noko som vart ei storarta helg. Juni var månaden der Christopher og eg endeleg fann oss ein heim, på sjølvaste bursdagen hans!

Juli

Feit festival i Belgia, gode dagar i Stryn, kjekke dagar med frivillig arbeid på Malakoff, leiligheta var max kaos, og eg vart hekta på The Pink Robots sin superhit: Curly. Ei ny spalte kom opp i bloggen min: La meg introdusere deg til 90-talet. Juli gjekk fort, og var prega av øl, strålande sol og menneske eg er glad i.

August

Tidleg i august møtte eg hylla i mitt liv, eg stortrivst på Øyafestivalen i innslepp, og laga meg ein fin lampe.
Ellers gjekk august med på å nyte parklivet, ete kokosbollar og danse til morgonen kom på Internasjonalen, før Høgskulen i Oslo skulle bli min nye hang-out.

September

Klassen var på tur til Tjøme. Bollapin dukka plutseleg opp, og kjærleiken var tilbake i livet mitt. Eg skreiv med sprittusj på tavla i 6. klasse, vi fekk internett, og eg vart erklært superpølse på Narvesen. Denne kortfilmen sjarmerte meg, stratos kom i posten, og Sadossen og eg kosa oss på Teknisk Museum. Kino på Operataket, besøk av mamma (som kjøpte meg seng!), og rundballar dekorterte parken. Leiligheta tok form, og oktober kom som kjerringa på julekvelden.

Oktober


Oktober starta med ei jente som gløymte igjen skjørtet sitt på Café 33. Nok ein bananrelatert månad, denne gongen med Stig. Haustmånaden behandla Sognsvann akkurat som den burde. Eg stod ofte tidleg opp for å fare på spinning, og jobbinga på Tonsenhagen barneskule vart kjekkare og kjekkare. 18. oktober gjekk vi bøsseberarar og samle inn masse gryn. Denne månaden tok heilt av emosjonelt-messig: eg snakka (ei viss form for samtale) med Massive Attack! Konserten var heilt sjukt bra – og var nok eit av mitt livs største opplevingar musikalsk set. Jannike sendte meg pakke i posten, og gjorde meg veldig, veldig glad. Svolværpostei.
Eg fekk også pakke i posten frå Brynhild, som bidrog til usunne tenner ganske lenge.

November


Mamma og pappa hadde 43-årsdag. Eg oppdaga skikkelig, skikkelig grotesk porno (evt. morsom). Jon Kåre var i by’n, og vi var på Muse, ein veldig kul konsert. Hengekøya kom på plass, eksamensfilmen vart laga – og vi hadde det artig på set! Eivind var med på jakkeshopping, Prodigykonsert, og gav meg den kulaste tightsen ever til førjulspresang! Gilbert hadde eige radioprogram som var maaax glatten kult! Eg oppdaga krabbepostei, og hadde ei kjempeoppleving på JJ-konsert. Golden Silvers fekk meg avhengig, eg vart fascinert av kråker, Jannike var på besøk første søndag i advent og vi tente sjølvsagt adventsstaken.

Desember


Stressveker med eksamensproduksjon, ekstrajobb og anna stasj, men likevel latter og glede – i f.eks denne finn.no annonsa. Ina-Mari var på besøk, godt med spoonings, og ikkje minst deilig mat. Eg var handy og laga ein ny lampe og garderobe, pynta meg i lag med Christopher og køyrte på med julebord med Øyafestivalen. Birken Brukt åpna i Thorvaldmeyersgate, og Hans Ulrik inviterte til lucia-feiring i barnehagen. Nordfjordekspressen var god å ha til Stryn, for å feire jul der i godt lag.  Storarta julebord med alle jentene, spel og anna fanteri i tunet, og før desember var over rakk vi jammen å reise til Zanzibar også, og eg nok ein gong kan seie med handa på hjartet at dette har jammen vore eit fint år.

TAKK FOR 2009, ALLE SAMAN!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s