Om du ikkje har lest artikkelen i Magasinet i Dagbladet som Bernt Jakob Oksnes skreiv om «Den usynlige» enno, så anbefalar eg deg på det sterkaste å gjere det. Eg las den på jobb på Narvesen, og eg møtte kundane med tårer i auga. Dei som ikkje kjøpte Dagbladet, fekk vere så god og kjøpe det, heilt til det vart utsolgt.
Det eg innsåg etter å ha lest artikkelen på nytt, og skumma over nettmøtet på Dagbladet.no, var at denne artikkelen har vekt mykje «det er så mykje ein kan gjere»-haldningar. Men vert det til at folk eigentleg handlar etter å ha blitt inspirert av slike historier? Eller vert det gløymt om berre eit par dagar, og ein har kome tilbake til kvardagen sitt mas…?
Eg er ikkje fan av å snakke om alt eg kunne gjort, eller høyre folk snakke om kor viktig det er å bidra, for den saks skuld. Mi handling: Rødekors sine besøkstenester for einsame eldre. Eg har meldt meg opp som besøksvenn; dette går ut på å avsjå 2 timar i månaden for å vere eit medmenneske. Så no kastar eg ballen vidare til deg! Kan du avsjå 2 timar i månaden?
så bra Birgit. Du har så mykje å gje og så er du så god med folk og har peiling på dei som er eldre. Så det blir ein god match.
Lykke til