Om løvene på veggen-alt dei har å gjere

I dag var eg og May Britt på Japan Foto og henta nokre bilete frå safarien i Tanzania som eg har fått forstørra opp, og trykt på lerret. At bileta har vore der sidan mandag, har ingen fortalt meg, og servicen på Japan Foto er generelt påklageleg. Men billeg var det. Omlag 900 spenn for alle tre bileta.
Kjekt å opne pakkar, sjølv om vi smugkika litt på dei på butikken…

Også fekk dei plass i sofaen.

…før dei vart hengt opp på veggen. No skal dei henge der og passe godt på meg om natta.

Løva (eller løøøøvfacts om du vil):

  • kan bli 240-330 cm lange. (mine er 40×60)
  • ei voksa løve sitt brøl kan høyrast på opptil 8 km avstand.
  • bur som oftast i Afrika, men kan også bu i Asia, og i EUROPA (men det var før antikkens alder).
  • har sex 2,2 gongar i timen, i ei tid på omlag 4 dagar når dei er i paringstida.
  • dei varierer ikkje stillingane, og det er alltid man on top.
  • blir fødd blinde, men kan sjå etter 11 dagar.
  • har ei levetid på ca. 15-16 år.
  • søv i over 20 timar i døgnet.
  • har 30 tenner.
  • er fin.

Også til slutt: Historia om «Christian The Lion» er vel kanskje den historia som har rørt meg mest. Eg kan felle tårer kvar gong eg ser den eine klemmen. Her kan du sjå klippet med den fantastiske klemmen, men eg anbefalar deg på det sterkaste å gå på NRK-nett-tv, og sjå dokumentaren i sin heilheit. Du kan også kjøpe den her for knappe 7 pund. I think I will!

Advertisements

2 responses to “Om løvene på veggen-alt dei har å gjere

  1. Du gløymde å ta med teksten til videosnutten: «Dumb lion doesn’t even know how to kill people. It thinks it can love them to death.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s