Say hello to my little friend!

Fekk nok eit par filmar i posten i dag, og vart så glad at eg tenkte; håpar alle eg kjenner der ute i den store verda veit at det er mogleg å ha det så fint. Når eg snakkar om fint, snakkar eg om kor fint det er å få film i posten. Som er billeg. Som du kan sjå, for deretter å levere tilbake i posten, for så å få nye filmar. Det er genialt! Før heitte det brafilm.no. No heiter det lovefilm.no, og det er vel kanskje litt kinky, for folk kan jo tru det er løvfilms, som i dodgy porno-løv, men det er det altså ikkje.

This is how it works:

  • Lag deg ei liste på lovefilm.no, sett prioriteringar på dei, 1-for den MÅ eg ha, 2-for den vil eg ha, 3-for den er det greit om eg får, og det spelar inga rolle om det er no eller seinare.
  • På nettsida fins det mange lister der folk anbefalar filmar i diverse sjangrar, til ulik bruk/humør, og generelle toplister.
  • Vent på filmen i posten.
  • Få filmen i posten.

  • Sjå filmen.
  • Bruk same konvolutten du fekk den i til å sende den tilbake. Porto allereie betalt!

Kva eg betalar? 139 kroner månaden for å få 2 filmar kvar gong, ubegrensa antal filmar i månaden – det kjem berre an på kor flink eg er å levere dei tilbake. Og det er eg jo, så mucho money saved!

Og tenk så kjekt det er å få noko kjekt i posten, i motsetning til alle dei stygge rekningane… 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s