Magnificent!

Magnificent, magnificent. Herregud for eit vanskeleg ord å seie. Magnificent. Greia er, i går kveld var eg på Rock mot kreft på John Dee, der Casa Murilo var eit av tre band som stod for rocken. Dei avslutta med låta Mr.Magnificent, som du kan høyre her, og eg får den ikkje ut av skallen. Nynnar på den heile tida, og når folk spør kva eg nynnar på får eg problem med å svare. Svaret vert alltid Mr. MagniciFENT. AHHH! Så no må eg øve på å seie det riktig. Som om det skulle vore ei utfordring!

Her er forøvrig ein film frå konserten i går. Topp stemning!

Over til the girliest blog evvah:

Eg var hos frisøren i dag. Første gong på eit år. Ho var ferdig etter 20 raske minutt. Klippe hår er heilt ok. Ein får jo kos, og håret blir mjukt. Og denne gongen gjekk eg hit fordi det var billeg, og at det berre skulle koste 450 kroner. Så spør dama om ho ikkje skal glatte ut håret mitt. Meg, med erfaring som bustepartepinn 98% av tida mi, sa ja, det kan du jo, om du har lyst… Det vart heilt ok. Ho spør om eg vil kjøpe masse produkt som ho har putta opp i håret som lukta det eine og det andre, og gjorde ditt og gjorde datt. Nei, det ville eg absolutt ikkje, som student har ein andre prioriteringar, og generelt dårleg råd. Også kom oppgjerets time. Eg drog kortet og såg totalsum 550 kroner. Hæ?! Kosta det ikkje 450 kroner? Jo, klippen kosta det. Men så glatta ho ut håret, og hadde brukt masse stasj og produkt og sånn. Herregud. Eg vart så satt ut at eg ikkje klarte å seie noko. TO kalde Carlsberg ville det bli på John Dee. To middaga på Mucho Mas. Kino + godis ville det blitt. Og HO SA IKKJE I FRÅ? Den musa av ein frisør loppa meg for hundre spenn! Ein student! 50 minus i karmaskalaen ovah to that biatch.

No er det dags for kvalitetsmusikk, ligge på sofaen og kose meg med antioksidantar i eit luftig glas.

Skål for happy saturday!

Advertisements

4 responses to “Magnificent!

  1. Okei, eg kunn ha glatta ut håret ditt birbir på 5min. Lurerier! Hvis det e nå trøst så brukt eg 1800kr på å forvander mitt lange brune hår til….langt brunt hår! But hey, eg føl meg bedre 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s