Hardkjør…

I dag var ein av dei dagane som går unna, og er så jævlig bra at ein kan lure på kvifor. Hadde ei artig stund med to klassevenninner der vi skreiv manus på tidenes artigaste høyrespel. Eg gler meg til å produsere, mikse og le så magen verker. Spekuativ fiksjon, vi har dei lausaste taumane og den herlege fantasien. Ein fantastisk kombo! Etter skulen såg eg på ei oppgåve eg snart skal skrive, også var det middag, også var det tid for trening i lag med Hagen.

Spinning, og mage/rygg. Herleg! Var klar som eit egg då vi skulle starte. Så starta vi, med 45 sekund MAX TEMPO, 30 sekund ståande, MAX TEMPO, og oh my god.  Det var galskap å gi så full gass. Det var galskap å trakke i veg. Det var galskap å vite, at etter dei 3 hardaste minutta på lenge, hadde eg berre 72 igjen… Eg kunne ikkje anna enn å smile. Det enda opp med at produserte endorfiner som garantert var mynta på eit par som skulle bli nyforelska og gå på speed, og klarte ikkje slutte å smile. Instruktøren påpeika det fleire gonger, og eg vart flau. Så måtte eg smile endå meir. «Hu der, hu smiler bare mer og mer hu!» På siste låta såg eg at han tok meg i å smile det breidaste smilet eg nokon gong har hatt. Då hadde eg trakka ALT eg hadde, for å seinare innsjå at finalelåta stod igjen.

Trapperekord: 27 sekund med sekk.

No er det tid for senga… Tidlig opp i morgon, trening og oppgåveskriving. Også får ein sjå kva fredagen bringer…

Det her vil i alle fall søndagen bringe:

Så herlig, morsomt og dårlig/kult. Can’t wait!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s