«Slo han deg?»

Å vere glad stort sett heile tida er for godt til å vere sant, så i dag fekk eg min dose kjipheit. Det var ein naskar, som gjorde seg tjuv for 6-7 stk boksar påskeegg. Eg sprang etter han og tok tak i armen som han heldt påskeegga med. Før eg visste ordet av det slo han til meg, «midt på tygga». Han velta over eit parti med blomster og vart liggande ei lita stund før han kom seg på beina igen. Eg stod i Grünerløkka si mest travle gate med to hender som fylte seg opp med blod, med kanskje over ti tilskodarar. Mannen med påskeegga gjekk sakte nedover gata, og tilskodarane stod igjen og såg på meg; «SLO HAN DEG?»  To påskeegg fall i bakken, og mannen, tydeleg berusa, snudde seg og plukka dei opp igjen og plasserte dei fint i boksen dei datt ut av. Ingen ting vart gjort, og eg, med tårer i augene og blodet fossande, hadde ikkje aning om korleis eg skulle forholde meg til dette. Eg har aldri vore så satt ut i heile mitt liv.»Slo han deg, du?» Det var for mykje blod til å la vere å svelgje unna, og eg måtte sjølvsagt kaste opp. Medan mannen som gjorde seg til tjuv på grunn av påskeegg, og valdsmann på grunn av påskeegg, slentra langs Thorvald Meyersgate, sprang eg til nermaste toalett og kasta opp til det ikkje var meir igjen å hente. 

Eg fattar framleis ikkje kvifor ingen ting vart gjort. Av alle dei som stod og såg på, og som ivrig deltok i seansen med sin tilstedeverelse, var alt dei gjorde var å spørre meg om han hadde slått meg, noko så han så tydelegvis hadde gjort. 

FAEN.

Advertisements

7 responses to “«Slo han deg?»

  1. Oi, skummelt i storbyen! Heilt utrulig at ingen gjor nåke da!? Håpa det går bra med deg og at du ikkje får varige mén, verken fysisk eller psykisk. ❤

  2. idiota. alle såg vel at han slo deg! herregud. nokken burde sprunget etter han. du er tøff som tør å gjer nokke når alle dei teite idiotane kjem innom narvesen å stjele. skummel jobb!

  3. Folk altså!
    Dette minner meg om en artikkel jeg leste en gang. Der påsto de at jo fler som var vitne til en voldsepisode, jo mindre sannsynlig var det at noen ville gripe inn.
    Ganske rart egentlig!

    • Takk for omtanken, folkens. 🙂

      Det du har lest Dag Eirik tvilar eg ikkje på! Det var akkurat det som var tilfelle, og eg veddar på om det hadde blitt gjort noko om det ikkje var ti personar rundt oss, men berre to…!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s