Prosjekt: Grøn Mann

Mat.

Laks, fløtesaus med blåmuggost, brokkoli, pasta og basilikum. Nam.

Dag 1: Grøn mann…

I dag starta eg prosjektet: Å ikkje gå på raud mann, men vente på den grøne mannen. Småprøvde meg på det i helga, og det skal seiast: Det er vanskelegare å gjennomføre dette ein laurdag enn ein småhektisk mandag, men dog. Planen er å gjennomføre mandag til og med søndag utan å gå på raud mann, og i dag har det gått fint. Eg har kryssa fire lyskryss, og klart å vente utan å bli smågal. Men dette med herleg musikk på øyret. Tenkjer det vert betrakteleg vanskelegare utan støttande musikk. Det er så rart kor vanskeleg ein så absurd og enkel ting burde vere. Kryssar fingrane mine for at det skal gå bra, men har mine tvil. Gode tips? Mottas med glede.

Advertisements

One response to “Prosjekt: Grøn Mann

  1. Tipse mitt er: stress ned. Kva hastar slik at du må bruke nokre sekund på å gå mot raud mann og risikere å bli skada og vere eit dårleg døme for dei små som skal lære trafikkreglande av våre eksempel. Du veit : Høyr ikkje berre på kva eg seier, men sjå kva eg gjer……
    Her er ingen grøne eller raude menn, berre vanlege nordfjordingar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s