I’m in love!


Ah, ingen ting er som å fryse i to dagar i strekk, og så finne ut at ein står på eit golv og dansefoten går av seg sjølv, og at kroppen tenker for første gong på lenge: Du verda, no er eg så varm at eg kanskje bør ta av hua… Og jakka… Og tjukkesokkane… For Vinne Who fekk så sjukt varmen i kroppen i dag, at eg – og samtlege i lokalet trippa frå start til slutt.

Vokalisten er skremmande søt, har fløyelsstemme og har uhyggeleg strame bukser – så ein må passe på kvar ein skal kike for å ikkje bli småukomfortabel. Gitaristen er ein av få som kler hipster-brillene, rockar gitaren og dansar på ein måte som får heile lokalet til å sku på han med misunnelege blikk. Og etter å ha vore ein tur innom Olafur Arnalds på Parkteatret, var tala klar: «I kveld treng vi litt meir bass.» (Lars Vaular-guiltypleasure-dilla trer inn her og der) Og herre for ein funky bass Vinnie Who står for! Den var så funk at eg trudde eg var på 80-talet utan at eg eigentleg veit korleis det kjenns.

Veit ikkje kva det beste var; Musikken, eller det faktum at det såg ut som om dei hadde det superartig på scena? At lyset på Internasjonalen var perfekt? At folk rundt meg ikkje kunne la vere å danse? At eg høyrde dei som stod ved sidan av meg som lo på ein ukontrollert måte av pur glede? Eller at eg var småsjuk, kald, sliten og plutselig ein av Oslo’s mest fornøgde innbyggjarar?

Aaaah… I’m in LOVE.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s