Dagens anbefaling: Haruki Murakami – Kafka på stranden

Det er ei stund sidan eg las den, men eg får den ikkje ut av hovudet. Den er så vakkert skrive at ein helst vil slutte å lese – slik at ein kan halde på dei fine formuleringane så lenge som mogleg. Likevel er den så spennande at ein ikkje klarar å la vere å lese. Når den vart tynnare å halde i, i høgre hand, fekk eg ein stadig større klump i halsen – den nerma seg slutten.

Boka handlar om ein ung gut som rømmer frå faren sin i Tokyo, og om Nakata, ein eldre mann som kan snakke med kattar. Deira vidt forskjellige liv og historier vert fletta meir og meir saman, og ein får oppleve ei bok som har ein unik balanse mellom realisme og fantasi. Persongalleriet er forfriskande og herlig. Og den er så enkel, overbevisande og barnslig, men likevel kompleks og komplisert.

Ein gong til…

Advertisements

2 responses to “Dagens anbefaling: Haruki Murakami – Kafka på stranden

    • Nei, men eg gler meg så veldig til å lese den. Tenkte å lese alt han har skrive, og avslutte med den. Har høyrt den er krona på verket! 🙂 Dans, dans, dans er også veldig bra. Og Norwegian Wood. Gle deg! (Bra presang!)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s