Vekemålet

Jepp, er blitt inspirert av ein kompis! Så inspirert at det er på grensa til å vere irriterande. Så eg tok idéen til mitt hjarte, og vi starta «Oppdrag Vekemålet (originalt kjent som «ukas mål») før vi visste ordet av det. I vårt prosjekt er Limita og eg deltakarar, og vi skal kvar veke bli einige om eit mål som vi skal gjennomføre, begge to, eller kvar for oss. Om vi ikkje klarar å nå måla før veka er omme, må 200 spenn gå i ein pot som skal kunne brukast på noko bra når det er nok spenn i potten. Måla skal alltid vere konstruktive. Forhåpentlegvis kjem vi på så bra ting – at vi uansett type utfordring klarar å gjennomføre måla, sjølv om premien er fristande nok i seg sjølv. Denne veka kom vi fram til at vi må lage minst tre middagar som vi skal ete saman ved kjøkenbordet, noko som er særs sjeldan i vår travle kvardag.

Sidan det var haustfest i går, og vi begge to kunne beskrive oss som slitne, var det greit å lage ein enkel middag. (Mitt krav til middagslaging denne veka er forøvrig at om det tek under 15 minutt, eller er frå ein pose, så kan det ikkje kallast middag.) Eg tilbaud meg å lage vårt første måltid: Quesadillas med einerøykt laks, salat og guacamole. Det vart snydens, og vi åt meir enn vi burde. Burde vel ha laga heimelaga salsa, men «helga er ikkje berre burde, burde» – og det gjeld tysdagen óg, så den kom rett frå boks!

Er kjempenøgd med biletet, og ser at det har 100% forbetringspotensiale...

Alt ein treng er: wraps, einerøykt laks/ørret, creme fraiche, mozarella, salat (denne dagen: isbergsalat, spinat, raudlauk, tomat, avokado, mais, paprika, agurk og balsamico). Guacamole: avokado, kvitlauk, sitron, salt og pepar. Framgangsmåte: Gjer det du føler for. Berre pass på at du grillar quesadillasen på rist – slik at dei vert jamt sprøe, og lette å skjere opp etterpå. Tek ca. 20 minutt (og er difor innanfor middagsdefinisjonen!). I morgon skal Limita kokkelere til meg. Eg GLER meg.

Funfact: Avokado er eigentleg ei frukt og veks på tre, men sidan den ikkje er søt og ikkje innehelde fruktsyre, vert den behandla som ein grønnsak. Ikkje rart det i grunn, den er jo ein veldig grøn sak…

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s