Oppdrag vekemålet: Æ kan bak æ!

Dette vekemålet er å overvinne bakefrykta som både eg og Limita lid under. Men i dag overvann eg den med god margin. Foccacia stod på menyen, og etter å ha knust ei flaske med olivenolje på butikken gjekk det ikkje anna enn smooth. At folk kjøper 1-2-3 posar for å lage foccacia kan til og med eg med bakefrykt le av.

Ingrediensane er 5 stk: Mjøl, gjær, salt, olivenolje, vatn og rosmarin. Det er laga på 1-2-3, og er leikande lett!

Oppskrifta er følgjande:

  • Bland ein pakke fersk gjer i lunka vatn (omlag 1 liter).
  • Bland resten av tørrvarene (1 kg mjøl, ca 20 g salt)
  • La det heve i 25-30 minutt
  • Steik i ovnen på 250 grader i 25 minutt
Eg må innrømme at eg var litt skeptisk på om det kom til å smake noko særlig godt (fordi det var eg som hadde laga det), men når eg tok den første biten tenkte eg faktisk «satan, eg kan å bake!» No er eg mett og god, og kastar ballen over til Limita som skal lage kanelbollar innan søndagen er over. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s