Oppdrag vekemålet, Æ kan bak æ!: Approved

Å sjå Limita bake er noko eg kan anbefale på det sterkaste. Eg forstår at ho har meir bakefrytk enn nokon andre, og dette gjer at observasjonen vert særs vittig. Eventuelt latterleg (fyll inn det som passar). Det var meininga at eg skulle forlate leiligheta etter ein times tid, men då denne prosessen tok lenger tid enn som så, og at den var så god underhaldning måtte eg bli igjen for å få med meg heile «showet». Hellström ville snudd i døra, men det skal seiast: Resultatet vart upåklageleg! 

Sidan vekta ikkje fungerer, og vi manglar alt som har med deslilitermål å gjere, må pikene vere kreative. Den rosa koppen stod for omlag 2,5 dl, ei spiseskei ca. 20g, to Bonaqua-flasker = 1 liter osb. Dette gjorde det ekstra spennande med tanke på korleis resultatet ville smake.

Limita var i godt humør når ho smuldra smøret i deiga.

Første utfordring: Elte deiga fint ut. «SAML EDER!» vart ropt opptil fleire gonger, og Limita truga med å hive deiga i søpla – og putte 200 spenn i boksen. Men ho gav ikkje opp,  og fann sine metodar på å løyse utfordringa. 

Ein skal ikkje sku hunden på håra. 

Limita var sliten og nøgd etter prosessen. Det var eg også, og veldig klar for å smake dei rare, men velduftane kanelbollane hennar – servert elegant med mjølk attåt.

Lukta og smaka godt! Oppdrag vel utført, Limita!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s