We were somewhere around Barstow on the edge of the desert when the drugs began to take hold

Ny veke, nytt oppdrag: Kjøpe ei bok som vi meiner den andre vil like  / ha godt av å lese – og lese boka ein har fått av den andre innan veka er omme.

Var innom Tronsmo for å finne den perfekte boka til Limita. Først spurde eg om tips, kanskje dama bak disken kunne kome med nokre gode forslag, men det viste seg at ho hadde ete mykje meksikansk sopp, så tipsa ho kom med var heilt på tur. Då eg til dømes spurde om ho visste om ei bok som kunne få ein til å le slik at det er fare for at snørr/slev kjem ut av opne holrom – gav ho meg tips om «the boy with the striped pyjamas», som kanskje er noko av det mest deprimerande eg veit om. Håpar ho ikkje var tilsett, men berre ei tilfeldig som stunta litt ved å stikke innom, og late som om ho stod i kassa.

Etter å ha funne Populærmusikk fra Vittula (som eg har høyrt berre gjeve ord om), vart valet enkelt. Har lenge hatt lyst til å lese den sjølv, og kunne tenkje meg at det same gjaldt Limita, så den fekk vere med heim, innpakka i gullpapir med sløyfe på. Den vart motteke med glede, og ja, ho hadde også lenge hatt lyst til å lese den. Bingo!

Limita klarte ikkje å begrense seg til éi bok, så ho kjøpte like godt to. Eg treng vel å merke ikkje lese begge før veka er omme, men har ein plan om å lese begge to innan kun kort tid. Takk til deg, Lunde! 

No spørs det om Limita klarar å fullføre, då ho har særs mykje arbeid denne veka, men eg set ein knapp på at i alle fall eg klarar å lese den eine. Eg har i alle fall nok fritid til at det i teorien skulle gå ganske glatt. Er godt i gong med Fear and Loathing in Las Vegas, og når den første setninga er «We were somewhere around Barstow on the edge of the desert when the drugs began to take hold», seier det seg sjølv at dette er god underhaldning. Eg gler meg til å fullføre.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s