Takk til deg, Daniel

Å vere besøksven er noko av det eg har opplevd som har gitt meg dei aller største setje-pris-på-augeblinka. Ein vert kjend med ein heilt framand person, og sakte, men sikkert vert veldig, veldig glad i denne venen. Ein har fått sjå korleis helsa har blitt påverka av sosialt samkvem til det i overkant positive, og ein har sett kor veldig lite som skal til for å gle eit anna menneske. Men så kjem det, eit par veker, kanskje ein månad når ein skal reise vekk, som i grunn ikkje er så lenge, men for den som ein besøker kan verke som evig tid, og ein ikkje veit kva ein  skal gjere. Det som har vore ei glede, har blitt til ein vane, og når den brytast vert det då sjølvsagt eit holrom. Dette har min besøksven tenkt på lenge, og det har skore i hjarterota mi når ho gong på gong har sagt: – Jeg gruer meg sånn til du skal dra, Birgit, da vet jeg ikke hva jeg skal gjøre. Det er jo evigheter til du kommer tilbake.

Noko måtte gjerast, eg måtte fikse ein vikar. Eg «lodda ut» besøksvenen min på Facebook, og fekk herlege mengder respons. Ein av dei som melde seg var ein kollega på Parkteatret Scene. Då var tanken klår; besøksvenen min ville få den aller beste vikar, Daniel. Eg spurde om ho kunne tenkje seg å møte han, ein av dei snillaste eg visste om, og javisst, dette mennesket ville ho sjølvsagt treffe.

I dag ringte eg for å høyre korleis det hadde gått, og ho jubla i telefonen. – Gjett hvem som er her nå! Eg kjende at lettelsen var stor. Eg var ikkje bekymra frå byrjinga av, men når ein høyrer ei gammal dame i ekstase over å ha besøk av ein som eg sjølv meiner er eit priviliegium å kjenne, då vert ein satans lukkeleg, og veit at ho er i gode hender.

Ho kunne i ettertid melde om at denne mannen var ein engel han også, med twist og klementinar og det var ikkje måte på. – Og ja, han hadde glimt i øyet da! Og så kløft i haka!

 

Tusen takk, Daniel.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s