Reiseklar

I september rykte det veldig i reisefoten til Limita, og eg kjende sjølvsagt på det same. «No er det på tide å planlegge reise. Eg vil attende». Ho refererte til turen vi hadde til Marokko. Vi ville begge tilbake, men hadde og høyrt rykter om fantastiske buldremoglegheiter i Hampi, i India. Det vart India. Vi reiser i morgon. 

Planen er å lande i Mumbai i god tid til å rekke flyet vidare til Goa, slik at vi kan sove, feire nyåret og ete mat som smakar over gjennomsnittet godt. Vi har ingen andre planar enn å kome oss sørover til Kerala, og vidare til Hampi for å buldre og ligge i hengekøye og lese bok. Om lag tre veker har vi til disposisjon. Det einaste som er heilt sikkert er at Limita har fått seg ny nakkepute som har pornostoff og som ein ikkje heilt kan sjå om det er håret til Limita, eller puta når ho brukar den. Difor bilete. 

Dette vert nok siste turen Thunder-skoa mine får vere med på, og eg kjenner at eg gler meg til å erstatte dei i eit par ikkje-luktande med grep over heile tåa. Uvisst om vi har nok kalk, men det rakk eg ikkje å ordne, då eg prioriterte reise- og skjønnlitteratur. 

På grunn av hektiske dagar, Dagmar og andre distraksjonar har eg ikkje hatt riktig anledning til å gle meg. No gjer eg det. MAX. Les reiseguide, høyrer på reisemusikk og ler nok til at Limita må springe på do og spytte ut vatnet ho nettopp tok ein slurk av. Turen har allereie starta med andre ord. Namaste!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s