Madame, Madame!

Limita staar i problemet som har vorte kaara til vekas utfordring, og gav sitt ytterste. Det vanskelegaste av alt: flytte seg over mot venstre, forbi det vesle overhenget. Ho var paa nippet til aa klare det naar vi hoeyrer ei roeyst kome fra fjellet lenger opp, ei roeyst som nesten hoeyres trengandes ut. «Madame! MADAME»! Limita maa bryte. Med hendene klamrande fast i steinen, tung pust, beina i bakken og blikket vendt oppover kunne ho sjaa etter ropet, om det var noko gale som hadde skjedd, om nokon hadde brukke kragebeinet, eller om nokon  laag der blant buldrestein i ein blodpoel. Ein indisk herremann kledd i kvit og blaa bomull staar paa toppen av berget og ser ned mot oss og vinkar iherdig. I venstre hand held han opp ein stor pose med vekster. «Madame! Do you need some weed»? Limita sukkar. Ser seg rundt, rismarker, tempel, stillheit, og tilbake paa den blaa- og kvitkledde mannen. «No. Does it look like I need it»?! Ho ristar paa hovudet, ser seg rundt nok ein gong, og trekker paa smilebandet. Ein absurd forespurnad var det, om lag som eit utsnitt av Karatefylla. Ho pustar djupt, proevar aa setje foetene der dei var daa ho slapp og gir alt. Denne gongen skal ho klare det. «Madame! But, madame! It’s very good quality». «Thanks, but no». «Don’t you smoke»? Limita ser paa meg, som om ho ber meg trylle han vekk, men sidan eg enno ikkje har laert aa trylle, vart eg sitjande i same posisjon, i stillheit og betrakte det som skjer. «No, I don’t smoke! All I want to do is climb»!

Eit lite stykke «whadup’er» Thorvald Meyrsgate-stil  i India der altsaa.

Advertisements

One response to “Madame, Madame!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s