Prosjekt: Mitt Fingeravtrykk

Var vikar i 6. klasse i dag, og hadde to timar teikning med  éin klasse – og pga. uventa fråver var der sjølvsagt ikkje noko opplegg til meg, og når det ikkje er opplegg, då får ein frie tøylar, som i dette tilfellet var hurra, hurra! Eg fekk testa ut ein idé eg fekk etter å ha kjøpt ei aktivitetsbok til nevøen min. I boka var det teikna ulike settingar, og så skulle ein med fingertuppar og stempelpute lage figurane som skulle plasserast i dei ulike omgjevnadane. Sidan eg ikkje hadde med boka og ikkje kunne vise til døma, fekk elevane fire val: Havet, blomster, jungel og konsert. Utfordringa var å berre bruke fingeravtrykket sitt og svart fargestift som verktøy, ut i frå dette var det berre kreativiteten som kunne sette grenser. Alle fekk vannbasert måling, og så var dei i gong. Eg syntes dei var så flinke at eg fekk eit sterkt behov for å dele litt av resultata med resten av «verda». Lat meg herved introdusere prosjektet «Mitt Fingeravtrykk» (eit tilfeldig utval):

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s