Nå er det bare noen bakker igjen

Vi sit ved kjøkenbordet i Bygdøy Allé, det er haust og mørket legg seg over byen tidlegare enn det burde, etter eit særskilt godt måltid seier Tormod: – Kan ikkje du vere med på Holmenkollen Skimaraton då? Eg er dum og tenkjer «ja, kvifor ikkje»? Han gjekk jo det i fjor.

Telefonen ringer, eg står på Nationaltheateret i Snowboard VM-modus, klokka er om lag tre, og eg har vore på jobb sidan åtte. Av føde har eg drukke ein kaffe latte og ete to pizzastykker i løp av dagen. – No har eg henta startnummeret ditt, og kjøpt matchande huer! Helvete. Det er faktisk i morgon det skjer. Dagen min er ikkje halvegs i boks, og eg har fleire ting på agendaen, der i blant å  ete meir usunn mat (sitronkake, smultring – du må da ta den biten også, og glasuren også, den kan ikke jeg spise vettu, jeg som har diabetes), drikke altfor sterk kaffi, og la tida gå så fort at vatn ikkje tenkast på ein gong. Eg kan ikkje tru det er Holmenkollen Skimaraton allereie, og eg som berre har gått éin tur på ski sidan den vesle turen i 2008, og bortsett frå det delteke på ein skidag med 1.klassingane på barneskulen. Shit, pomfritt. Dette var ikkje ein del av planen. Eg les meg opp på Skiforeningen sine sider. Klassisk stil. Kva inneberer det eigentleg?

Vi har på oss startnummera og småhoppar i takt med  Sweet Like Chocolate (Shanks & Big Foot) for å halde varmen, eg prøvar å tenkje tilbake til gamle dager for å distrahere meg sjølv, men det er ikkje til å unngå. Det kjenns ut som om eg står i kø for å ta verdas skumlaste karusell. Pulsen er på 190. Då Lonesome Traveller kjem på anlegget er vi berre tjue meter frå startstreken. Tormod snur seg bak mot meg og tek eit bilete. Eg må ha sett ut som eit rådyr som står i vegen og ser to lykter kome mot seg i hundre og førti kilometer i timen. Det vert kort pause, og dama ropar: Da er det bare ett minutt igjen til start, folkens! Musikken fortset. Vi bevegar oss sakte framover, og så går startsignalet. Det går greit i starten, men så går det etterkvart seint nok til at eg vert stressa. Eg har ikkje gli. Trass smøring har eg ikkje gli. Tormod prøvar å vise meg korleis eg bør gå, men skia sklir ikkje slik som det ser ut som dei burde, slik som dei andre sine ski sklir.

Eg har blodsmak i munnen, er sveitt og varm i handsken og har gått i motbakke i jamne 13 km/t. Kvifor vil folk gjere dette frivillig? Kvifor går eg her frivillig?? Eg kan ikkje forstå det. Tanken på å snu, og renne ned igjen streifer meg fleire gonger. At eg er med på dette er jo galskap. Kanskje Tormod kan få brikka mi (han klarte å surre vekk si), og gå løpet, så kan eg sakte åle meg ned til start igjen og late som om dette aldri hadde hendt. Men det kan eg sjølvsagt ikkje. Ingen grenser har gått på tv. Eg staka av gårde. Gjekk med tunge steg. Framleis null skli. Vi kjem til første skiltet, og eg vert så skuffa. HOLMENKOLLEN 20 KM. – Kødda du med meg!? Har vi berre gått tre kilometer?! Er det T J U E kilometer igjen? Tormod ler og kommenterer at han trudde eg hadde betre kondis enn som så. Men det har eg jo sagt heile tida, eg eig ikkje kondis! (Har du nokon gong sett meg jogge? Einaste gongane eg spring er når eg må rekke trikken.) Men sjølvsagt må eg fortsette. Ingen grenser har gått på tv.

Etter 2 km kjem ein velfortent nedoverbakke. Eg gler meg til å stå i hockey og tenke at dette er nokre herlege lange meter pause. Men i det eg kjem til bakken og set utfor skjer det ingen ting. Eg står bom fast. Eg tek av meg skia, skrapar dei for snø, og set dei på meg att. Hu, hei kor det går! Det gjekk unna, ja, det gjorde det. Heilt til eg var halvegs i bakken, då bestemmer skia seg for å klabbe ein kjempeklabb – og eg fer på trynet for første gong i løp av maratonet (ja, for det var jo ikkje ein skitur). I det eg ligg med hovudet i snøen skjønar eg kor langt eg har kome, eg har kome like langt som eg NOKON gong har gått på ski. I livet. 7,5 km. Eg har hata å gå på ski heile livet, det var forbunde med tvang. Men no, i seinare tid, no når eg skal begynne å like det, då har eg gått éin skitur på 7,5 km. Eg reiser meg forkava opp, og prøvar å fjerne snøen som har frose til is i augevippa mi.  15,5 kilometer igjen. Resten av turen var repitisjon av det som allereie er meddelt, gonger fire:

Det skal seiast: Då eg var i innspurten (etter å ha nesten-tryna, men klart å stå på beina fordi eg hadde ei krampe som heldt beinet mitt i riktig posisjon under svingen – ein siger i seg sjølv) var forholdet greit, sola skein og navnet mitt var på storskjermen. B. Nedreberg, 3:57. Ei LATTERLIG tid å gå på, men det hadde ikkje noko å sei, eg hadde overlevd tre timar og femtisju minutt i det eg vil definere som eit reint, lite helvete.  Kommentatoren påpeika at no skulle det jammen bli godt å komme i mål, han skulle berre visst. Eg klarte det! Eg var i mål! Eg hadde gått den lengste turen eg nokon gong hadde gått på ski. UTAN å bli frakta avgarde i ambulansen. Og det viktigaste av alt: Eg kom ikkje på siste plass! Det hadde eg ærlig talt forventa.

Hurra!

Advertisements

3 responses to “Nå er det bare noen bakker igjen

  1. Tvang, sa du? Eg risar meg sjølv skreiv du ein gong i Norsk Barneblad

    Grattis og kjempebra gjort. Lokka deg ein gong med ei klokke, denne gongen motiverte du deg sjølv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s