Thumbs Up for PopUp Hub!

Har lenge leita etter den perfekte arbeidsstaden der eg ka ha heimekontor, utan å vere heime. For arbeidsmoralen heime er lik null. Det vil sei, kvar gong eg skal til å arbeide med det eg eigentleg burde, finn eg plutseleg ut at eg må vaske kle, ta oppvasken, gå ut med søpla og så bort etter… Og for å arbeide godt er eg avhengig av å vere rundt mennesker som arbeider, og på kaféar finn ein dette – men det er så mykje som byr meg i mot å ha ein kafé som fast arbeidsplass. Men, no fins den perfekte arbeidsplassen! Sjølv om det berre er for ei kort stund. Kom over den gjennom ein tidlegare Øya-kollega, som er kaospilot (slike folk får ofte kule ting til å skje), og tenkte at dette måtte eg sjekke ut. Så i dag var eg og Christopher innom PopUp Huben ved Tøyensenteret.

 Hagen i kontorlandskapet

Pop Up Hub? Huben er eit opent kontor som har som formål å byggje eit fellesskap av menneske som arbeider mot ein open innovasjon på tvers av ulike sektorar i Oslo. Det er rett og slett ein stad som deler fysisk plass til ulike idear, kunnskap og erfaringar fra dei som dukkar innom. Og fungerer det? Ja. I løp av kun kort tid fekk eg gjort dagens gjeremål, fekk plukke i hjernen til fleire interessante menneske, og eg rakk å la meg inspirere opptil fleire gonger. Det er så bra at det nesten er på kanten til irrititerande.

Christopher plukkar hjernen til Bengler-Even som stakk innom

Bengler-Even er engasjert og vil lage eit produkt som eg vil ha fingrane i
 
Møterom fins der også
 
«Hey we used to work together»! Networking i eit nøtteskal.

Huben er berre open denne veka, men fungerer som ein prototype der motivatørane kan finne ut kva som fungerer, kva som ikkje fungerer  og prøve å utvikle eit produkt som kan vere fast i Oslo om ei stund. For min del var det kun ein ting eg sakna, for å vere den perfekt arbeidsplassen – ein printar, men det viste seg at det fantest i lokalet. 100 spenn, trådlaust nett og endelaust med kaffi. Tommel opp for PopUp Huben, Marte og Brock!

 Alle som er innom får eit slikt kort, då kan ein berre studere «Wall of Hub’en» og finne ein hjerne ein kan plukke. Lekkert.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s