50 dagar igjen til Coachella – eg tel ned i gledesrus

Dette er det eg gler meg mest til akkurat no.

Aldri sett Black Keys før, men har vore eit stort ønskje sidan dei gav ut Brothers i fjor. Plata har vore på repeat sidan då.

Pulp såg eg på Øya, men var sliten og i lite festivalmodus. Konserten var heilt rå, og eg gler meg til å absorbere ALT på ein gong. Gler meg som eit barn faktisk.

Explosions In The Sky var også på Øya, men eg hadde ikkje anledning til å få dei med meg. No derimot… Hurra!

Såg han for første gong på Sentrum Scene i desember (?), men er ein av favorittane. Det er vakkert i ypperste klasse, og gjev gåsehud utan like.

Denne låta aleine.

Stor stemme, herlege låtar. Sitte på plenen og late att augo.

Ah, herlege dama. Fine musikken. Trompet og fløyelstemme. Kan ein be om meir?

Dette har vore draumen i langt over ti år. Eg tør ikkje ein gong håpe på at det skjer, sjølv om det skal skje. Eg vil bli altfor skuffa om dei avlyser.


Kaiser Chiefs leverer gong på gong. For eit liveband! Jau! Jaggu seier eg smør!

A W E S O M E! Azelia Banks ass. Watch out!!!

Alle gode ting vert tre. Dei to førre gongange eg har sett det har det vore ellevilt, sveitt og herleg. Justice er vinnarar i sin klasse. Ferdigsnakka.

Girl Talk. Nuff talk.

Åh, Beirut. Kjærleik til Beirut. (Vert eg sentimental no? Trur det…)

Konserten på Parkteatret var heilt vidunderleg. Vert nok ikkje like magisk å sjå dei på ei stor scene, men likevel, eg gler meg veldig.

Om ein går glipp av denne… Då kjem nokon til å seie told you so, og ein veit at det er sant!

Ellers gler eg meg kanskje mest til å stikke på festival utan å vere i jobbmodus. Og så gler eg meg litt til First Aid Kit, Santogold og Real Estate.

Andre tips mottas med glede!

1 responses to “50 dagar igjen til Coachella – eg tel ned i gledesrus

  1. herregud, GLED deg til radiohead! du komme til å daue. eg stod i sikkert ein time å tørka tårer når eg såg dei sist. og gleda meg som eit lite spedbarn til eg skal på ny konsert i berlin i sommar! og ps. gud kor misunnelig eg er for at du har coachella billett! men veit du at den samme lineupen skal spelast to helger på rad?

Kommenter innlegget