Oppdrag vekemålet: Flyttelasset

«Yte noko av seg sjølv til eit veldedig formål.»

Måndag var eg i gong. Halv elleve møtte eg Anders for å hjelpe han med flyttelasset. Sidan eg har den uheldige kombinasjonen lappen og mangel på frykt, skulle eg vere sjåfør. Køyre ein gamal Dodge van. Berre eit par lass.

Det gjekk ikkje slik. Denne bilen var automatgir, og ved lenger stopp (les: raudt lys) måtte ein både bremse og gasse på same tid, slik at batteriet ikkje skulle døy. For om turtalet var låg over lenger tid, då døydde han. Heilt uavhengig av kvar han var. Og då måtte eg ut og starte han, med startkablar eg vart godt kjend med.

Dette gjekk greit heilt fram til klokka var halv fem, maksimal rushtid og på veg for å hente nest siste lasset. Vi stod ved Kiellandsplass, i krysset ved Waldemar Tranes gate og Maridalsveien, rett ovanfor Gutta fra Calcutta ville han ikkje meir.  Vi stod i vegen for bussane, og fekk ikkje flytt han. Ut med startkablar, bilen i gong, og i det eg sette han i Drive, stoppa han igjen. Bussjåførane var sinte, vi stod i vegen for innkøyring til busslomma. Vi prøvde igjen, fekk bilen i gong, men med ein gong den vart sett i gir slo han seg glatt av. Det enda opp med at vi måtte sette han i nøytral, rulle nedover vegen, rope på dei som hadde tenkt å krysse gata og fortelje at det kanskje ikkje var så lurt, for så å trille nedover Maridalsveien heilt til vi brått måtte snu over til venstre då det var kø ved lyskrysset nede ved Arkitekthøgskulen, og bremsene streika. Det var ikkje så lett å svinge, då rattet hadde plysjtrekk og trekket for rundt og rundt, i staden for rattet.  
Det var eit sjukt styr. Bilen måtte skubbast til ein parkeringsplass der han kunne stå til Falken kom. I mellomtida stakk vi til Ensjø og henta ein ny bil. Toyota Hiace. Lett å køyre, men ikkje heilt greit etter  å ha blitt vand med å gasse og bremse på same tid. Likevel, eit sjarmtroll av ein bil.

Bilen hadde gps! 
(Gris på snor)

Då vi endeleg var ferdige og leverte bilen til sin rette eigar, var vi klare for ei velfortent pils, tok vi taxi strake vegen til Parkteatret der det var personalfest. Vi var begge lukkelege for at eventyrer endeleg var over, og at Anders endeleg var på plass i si nye leilighet.

Eit par lass vart til 11 timar, og eg ytte meir enn planlagt av meg sjølv til eit veldedig formål: Anders. Å flytte er det verste eg veit, men å kunne hjelpe andre slik at prosessen skal kunne gå så smertefritt for den det geld, det er ei sann glede. Og ikkje minst hjelp som vert sett pris på! No gjekk ikkje dette smertefritt, men derimot vart det ei oppleving eg seint kjem til å gløyme.

Advertisements

3 responses to “Oppdrag vekemålet: Flyttelasset

  1. ut på tur – aldri sur

    Får vel mareritt av å tenkje på noko slikt som dette. Kvar har du motet frå? Ikkje meg i alle fall.

  2. Vel, eg hadde ein pappa som skulle lære meg bakkestart ein gong. Han køyrde Polakken ned i vegen, gjekk ut av bilen og sa: no ordnar du resten, og så gjekk han heim.

  3. Tilbakeping: Yes, my gølfliend decolait de cal·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s